Pasient og sjukepleiar. Foto

Lungeavdelinga

Avdelinga er blant dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har som mål å gje god behandling og omsorg som byggjer på nyaste forsking innan lungesjukdommar, pusteproblem eller respirasjonssvikt grunna sjukdom i andre organ.

Vi tilbyr diagnostikk, behandling, rehabilitering og førebygging av sjukdommar i respirasjonsorgana. Avdelinga er eit ressurssenter for lungemedisin i Helseregion Vest og har eit høgt internasjonalt nivå. 

Lungeavdelinga har lokalsjukehus- og region-sjukehusfunksjon som gjeld for Bergen og områda rundt, med unntak av bydelane og kommunane nord for Bergen. Pasientar med lungekreft, cystisk fibrose, tuberkulose og heimerespiratorbehandling sokner alle til Lungeavdelinga.

Gjennom undervising og forsking er vi med og førebyggjer lungesjukdom og betrar helsetilbodet for lungesjuke. 

  • Sverre Lehmann 
    Avdelingsdirektør
  • Solveig Margrethe Dale  
    Ass. avdelingsdirektør
  • Øystein Fløtten 
    Seksjonsoverlege lungekreft / infeksjon / intervensjon
  • Kristel Svalland Knudsen
    Seksjonsoverlege obstruktive lungesjukdommar / respirasjonssvikt / søvnrelaterte sjukdommar
  • Lillian Hopland
    Seksjonsleiar post 1
  • Sandra Strømmen Hansen
    Seksjonsleiar post 3
  • Thomas Berge
    Seksjonsleiar Poliklinikk og Dagbehandling
  • Tomas Eagan
    Seksjonsleiar Forsking
  • Kirsten Nøttingnes
    Seksjonsleiar for merkantil
  • Controller
    Monica Marthinussen - Nag

Kontakt

Telefon

Dagpost / Forløpskoordinator: Bodil Irene D. Timberlid og Siv Ingunn R. Veland

55974072
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Faks 55 97 51 49

Lunge post 1

55 97 35 70
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Faks 55 97 51 49

Lunge post 3

55973530
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Faks 55 97 51 49

Poliklinikk

55 97 40 80
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Faks 55 97 51 49

Søvnpoliklinikken

55 97 40 70
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Faks 55 97 51 49

Andre henvendelser

55 97 32 45
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Faks 55 97 51 49

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

  • Poliklinikk - Underetasjen i Sentralblokka
  • Søvnpoliklinikken - Gamle hovedbygg 2. etg.
  • Sengepostar - 5. etasje, Sentralblokka 
     

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

Kurs og møter

  • Lungekreft
    Kurset vil gi auka kunnskap som styrkar tryggleik til meistring i kvardagen.
    Lungekreft
    16.
    oktober
    2024
    Fleire datoar

Å jobbe på Lungeavdelinga

«Eg skulle aldri flytte til Bergen eller jobbe på lungeavdeling, men her er eg altså, på Lungeavdelinga i Bergen på 26. året". Les kvifor Målfrid har blitt værandre på Lungeavdelinga, og kva som gjer dette til ein spennande arbeidsplass for mange.
Jobbe på Lungeavdelinga?
tilsette på lungeavdelinga.foto

Forsking ved avdelinga

Forsking er ei av sjukehuset sine fire kjerneoppgåver. Ved Lungeavdelinga vert det drive eiga klinisk forsking, oppdragsforsking og kvalitetsforbetrande forsking.
Forsking ved avdelinga
Pasient og sykepleier. Foto