
Lungerehabilitering
Lungerehabilitering er eit kurstilbod for deg som har kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols). Du kan delta uavhengig av stadium av sjukdommen eller alder. Målet med kurset er å auke kunnskapen om kols slik at ein kan meistre kvardagen og leve best mogeleg med sjukdommen. Deltaking for personar med andre kroniske lungesjukdommar vert vurdert individuelt.
Kontakt
Telefon
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Lungepoliklinikken, etasje U i Sentralblokka (inngang vest) på Haukeland.Besøkstider
- Måndag 08:00 - 15:30
- Tysdag 08:00 - 15:30
- Onsdag 08:00 - 15:30
- Torsdag 08:00 - 15:30
- Fredag 08:00 - 15:30
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Praktisk informasjon
Informasjon til pasientar
- Pasientopplæring
Her finn du nyttig informasjon om alt frå riktig pusteteknikk og mobilisering av slim til ernæring og røykeslutt.
- Fysisk aktivitet og trening
For å få betre fysisk kapasitet, vert det tilrådd å trene. Trening er systematisk, planlagt aktivitet med eit klart mål. Her får du tips til øvingar du kan gjere sjølv.
- Lungerehabilitering og søknadsskjema
Vi tilbyr kurs i lungerehabilitering. Her ser du innhald, omfang og informasjon om kven og korleis ein kan søke.