Helsepersonell og pasient. Foto

Nevrologisk avdeling

Nevrologisk avdeling er ei spesialistavdeling som utgreier og behandlar pasientar med mistanke om sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nervar eller muskulatur. Avdelinga består av tverrfaglege team med sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, logoped, sosionom og lege. Forutan vanleg pasientutgreiing og behandling føregår også ein stor forskingsaktivitet ved avdelinga.

Hovudmålet vårt er å vera eit nevrologisk kompetanse- og ressurssenter på høgt internasjonalt nivå for pasientar og helsetenesta både lokalt, regionalt og for visse funksjoner også på landsbasis.
 
Nevrologisk avdeling er ein del av Nevroklinikken og består av  Nevrologisk akuttpost, Seksjon for poliklinikk og dagbehandling, Spinaleininga, MS Kompetansenettverk og MS Register.
 
Nevrologisk avdeling samarbeider med Nevrokirurgisk avdeling og saman har vi felles poliklinikk.
 
 
g_35a98cc1_2d63_4139_9ffe_fbcf0ec8256e

 

Brukarstyrt digital avstandsoppfølging

 

Les meir om brukarstyrt digital avstandsoppfølging ved Nevroklinikken

 

Kontakt

Telefon

Nevrologisk ekspedisjon

55 97 50 45 / 55 97 50 44
Måndag-fredag kl.08.00-15.30

Telefaks

55 97 51 64
Måndag-fredag kl.08.00-15.30

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Gamle hovudbygg.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Kvinnelig ansatt i uniform foran PC. Foto
 

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

​​Vi tek i mot tilvisingar frå alle avdelingar på sjukehusa som har vaksne pasientar med språk- og kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar som har oppstått etter sjukdom eller skade.
 
Logopedtenesta skal sjå til at pasientar skal får ei optimal oppfølging for vanskane sine, og logopedane tek del i det tverrfaglege teamarbeidet rundt aktuelle pasientar.
 
Vi skal også bidra til at pasientane får eit godt rehabiliteringstilbod etter utskriving ved å formidla behov og rettar til ansvarlege instansar i kommunane.

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sjukehuset har ikkje forsikringsordningar som dekkjer tap av pasientane sine eigendelar. Vi rår deg difor til å la verdisakene ligge att heime.

Trygg oppbevaring ved akutt innlegging
Verdisaker på meir enn kr 10.000 blir levert til Hospitaldrift sikkerheit for oppbevaring i safe der. Verdisaker med innhald verdt kr 10.000 eller lågare fylgjer deg til den avdelinga/posten som du skal vere på og du må sjølv passe på verdisakene dine.

Kurs og møter