Bjørgvin DPS dagbehandling, Tertnes

Dagbehandlinga ved Bjørgvin DPS blir gitt som ulike gruppetilbod både på Tertnes og i Knarvik og er organisert som ein del av poliklinikk eller sengepost. Dette fordi gruppetilbodet vanlegvis er ei forlenging av eit døgnopphald eller som ein del av poliklinisk behandling, men det kan og vere eit eige behandlingstilbod.

Mann spiller munnspill. Foto
 

Fokuset er behandling og undervisning, men innhaldet kan variere over tid. Aktuelle grupper er:

  • Angstmeistring
  • Livsmeistring
  • Samtale
  • Uttrykksterapi
  • Musikkterapi
  • Ulike kurs som eks i sinnemeistring, depresjonsmeistring, ernæring
  • Fysisk trening
  • Tur
  • Pilates

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Divisjon pyskisk helsevern Bjørgvin DPS Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bjørgvin DPS held til i tre bygg på Tertnes i Åsane: Bygg A, B og C. Pasientar som skal til dagbehandling, kan ta kontakt i ekspedisjonen i Bygg B.

Tertnesveien 37

Tertnesveien 37

15. mai 2024 innføres parkeringssystemet UNUM – VestPark ved Bjørgvin DPS og AFR Tertnes.

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

Praktisk informasjon

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.