Tjenesteutvikling og mestring for Barn og Unge (TMBU)

Forskingsgruppe for Barn og unge

Forsking i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Bergen er tett integrert med klinisk praksis. Målet er å utvikle kunnskap som gir betre utgreiing, behandling og oppfølging for barn og unge med psykiske lidingar – og meir treffsikre tenester for pasientar og familiar.

Om forskingsgruppa

PBU i Helse Bergen har ein tydeleg ambisjon om å vere ein forskingsnær klinikk, der kliniske problemstillingar legg grunnlaget for forskinga. Klinikken gir spesialisert behandling til barn og unge med eit breitt spekter av psykiske vanskar, og forskinga tek utgangspunkt i reelle behov frå pasientforløp og klinisk praksis (PBU)

Forskinga i perioden 2020–2025 er særleg konsentrert om tre strategiske satsingsområde:

  • ADHD, med studiar som undersøker variasjon i diagnostikk og behandling, og kva dette betyr for prognose og langtidsutfall 
  • Helsetenesteutvikling, med fokus på behandlingsevaluering, implementering og pasientforløp – til dømes korleis ein kan sikre meir samanhengande og effektive tenester for barn og unge
  • Fysisk aktivitet, der ein forskar på korleis aktivitet kan bidra til betre psykisk helse, som i studiar frå Energiteamet i PBU som kombinerer behandling, førebygging og livsmeistring 
Forskinga spenner frå kliniske studiar og registerbaserte analysar til kvalitativ forsking og evaluering av behandlingsmodellar. Eit sentralt mål er å dokumentere effekt av behandling og utvikle betre pasientforløp – frå tilvising til diagnostikk, behandling og vidare oppfølging.
 

Forskingsprosjekt

Prosjektet undersøker effekten av dialektisk åtferdsterapi (DBT) for ungdom (13–18 år) med emosjonsreguleringsvanskar. DBT er eit etablert behandlingstilbod for ungdom som strevar med sterke kjensler og utfordringar i følelsesregulering.

Studien har som mål å få meir kunnskap om kva som kjenneteiknar dei som har god effekt av behandlinga, og dei som takkar nei, fell frå eller har avgrensa nytte. I tillegg blir ungdomane og føresette sine erfaringar med behandlinga undersøkte.

Prosjektleiar er Gro Janne Henningsen Wergeland, overlege og professor.
 

ENACT er ein multisenter randomisert kontrollert studie (RCT) som evaluerer ei tilpassa utgåve av De utrolige årene (DUÅ) for barn med autisme og språkvanskar (Incredible Years – Autism Spectrum and Language Delays Programme).

Studien samanliknar dette tiltaket med vanleg behandling (TAU), der kontrollgruppa får eit standardisert psykoedukativt tilbod for foreldre (Førstehjelp for foreldre – FFF).

Per utgangen av 2024 har over 140 familiar delteke i prosjektet, som no er det største forskingsprosjektet internasjonalt på DUÅ tilpassa barn med autisme.

ENACT er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Fonna, NTNU, Universitetet i Bergen (FHU) og NORCE.

Prosjektleiar er Maj-Britt Posserud, overlege og professor.

Les meir om prosjektet her: ENACT

Prosjektet evaluerer ein ny metode for tidleg oppdaging av emosjonelle og åtferdsmessige utfordringar hos barn i barnehagealder: Dialogbasert tidleg oppdaging (DBED).

I motsetnad til tradisjonell screening, tek DBED utgangspunkt i bekymringar som allereie finst hos foreldre og/eller barnehagepersonell. Metoden legg til rette for strukturert dialog og felles refleksjon kring barnet si utvikling.

Målet er å undersøkje om DBED:

  • er like effektiv som tradisjonelle screeningmetodar
  • opplevast som meir relevant, akseptabel og brukarnær
  • fører til tidlegare iverksetting av riktige tiltak
  • bidreg til betre psykisk helseutvikling hos barn i risikosona

Hovudstudien starta hausten 2023 og omfattar 23 barnehagar i Bergen og Øygarden, fordelte på intervensjons- og kontrollgrupper. Rekrutteringa vart fullført hausten 2024, og oppfølginga vil halde fram fram til sommaren 2027.

Ein PhD-kandidat Veronica Kibbe Lisæth er knytt til prosjektet, og det inngår også ein kvalitativ del i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Ingvar Bjelland, overlege og professor, er prosjektleiar.

Les meir om prosjektet her: PRO-DIALOG 

TAG (Trygg, Aktiv, Glad) er ein pragmatisk randomisert kontrollert studie som undersøker effekten av fysisk aktivitet som supplement til behandling i psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Målgruppa er barn og unge (8–17 år) som allereie får behandling i PBU. TAG går parallelt med eksisterande behandling og har som mål å redusere symptom på angst og depresjon, samtidig som det styrkjer fysisk aktivitet, meistring og sosial deltaking.

Studien byggjer på tidlegare utprøving med publiserte resultat, og er eit samarbeid mellom PBU, RKBU Vest/NORCE, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og internasjonale partnarar. 

Prosjektleiar er Arne Kodal, psykologspesialist og postdoktor.

Les meir om prosjektet her: TAG

Prosjektet omfattar barn som har behov for både somatiske og psykiske helsetenester, og som får tilbod om oppfølging frå eit tverrfagleg team. Erfaringane har danna grunnlag for utvikling av ein ny modell med komplementære konsultasjonar for barn (6–16 år) som brukar spesialisthelsetenesta mykje.
 
Frå hausten 2023 gjekk prosjektet over i ordinær drift, medan den vitskaplege evalueringa held fram, mellom anna med kartlegging av kjenneteikn ved barna og eittårig oppfølging etter intervensjonen.
 
Irene Bircow Elgen, overlege og professor, er prosjektleiar.
 
Les meir her: Tjenester på tvers

Publikasjonar

Sist oppdatert 29.06.2026