Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann og kvinne ler, kvinne holder stor blå treningsball. Foto

Trenings­poliklinikken

Treningspoliklinikken er eit treningstilbod som behandling utan krav til god fysisk form eller forkunnskapar for å delta. Deltakarane må likevel vere motiverte for å trene fast to gonger per veke. Treninga foregår på tredemølle, og er lokalisert i Treningspoliklinikken i Sandviken. Treninga blir tilpassa kvar enkelt deltakar og vil vare ca 3-9 mnd.

Treninga foregår etter 4x4 intervallprinsippet. Du kan avslutte trening når som helst du sjølv ønsker det. Du kan trene gåande, joggande eller løpande, alt etter kva fysisk form du er i og meistrar. All trening foregår med tett oppfølging av fysioterapeut. Sjølve treningsøkta varer i om lag 40 minuttar, inkludert oppvarming og avslutning.

Mål for treninga 

  1. Komme i betre fysisk form
  2. Bedra eigenvurdert helse
  3. Komme i gang med eigen aktivitet

Kven kan delta

Treningspoliklinikken ligg under avdeling for spesialisert psykosebehandling, men er eit tilbod til alle pasientar som er knytta til Psykiatrisk klinikk eller DPS (se liste under). Tilbodet på Treningspoliklinikken fortset etter utskriving og går parallellt med anna behandling.

  • Bjørgvin DPS
  • Øyane DPS
  • Solli DPS
  • Betanien DPS
  • Kronstad DPS

Korleis kan du delta?

Så lenge du er knytta til ein behandlar under Psykiatrisk Klinikk (enten i døgnbehandling eller poliklinisk) eller er knytta til ein behandlar på ovannemnde DPS (enten i døgnbehandling eller poliklinisk), så kan behandlar sende ei henvising til Treningspoliklinikken (sekundærhenvising til Poliklinikk ASP). Henvisingane blir behandla fortløpande og fysioterapeut tar kontakt med deg.


Har du spørsmål om tilbodet eller treng hjelp til korleis du skal få ei henvising, så kan du ta direkte kontakt med fysioterapeut ved å ringe eller sende sms til: 95890547

Økonomi

Tilbodet i Treningspoliklinikken er gratis. Vanlege reglar for pasientreiser gjeld. Tar du vare på kvitteringar frå reise og dokumentasjon frå oppmøte hos fysioterapeut, vil du få refundert billigaste reisemåte. Les meir på: https://helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser. Fysioterapeut kan hjelpe med dette om det er ønska.

Drift

Treningspoliklinikken blir driven av fysioterapeut Connie måndag - fredag kl. 08.00-15.00.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Det vil være enklast å nå fram per telefon kl. 8:00-10:00. Om du sender sms, vil vi ta kontakt så raskt som mogleg.
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Det vil være enklast å nå fram per telefon kl. 8:00-10:00. Om du sender sms, vil vi ta kontakt så raskt som mogleg.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Treningspoliklinikken er lokalisert i bygg 9 med eigen inngang i enden av parkeringsplassen. Inngangen er merka med «Treningspoliklinikken».

Sjukehuset i Sandviken

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.