Behandlingstilbod ved Seksjon døgn

Ved Regional avdeling spiseforstyrringar har vi sengepost med 8 senger og ein spesialistpoliklinikk.

Pasienter som er blitt vurdert som aktuell for behandling ved regional enhet, blir først kalla inn til vurderingssamtale. Formålet er mellom anna å utveksle informasjon for å sjå om vi saman kan bli einig om felles behandlingsmål og på kva nivå behandlinga skal gjennomførast. 

Ved tilbod om innlegging vil vi tilstrebe et grundig forvern som går over 1-3 møter. Forvernet inneheld samtaler med behandlar og med miljøpersonale. Målet med forvernet er at pasienten skal være så forberedt som mulig ved innkomst slik at starten av behandlings vert god.  

Behandlinga i sengeposten er tverrfagleg og vert tilpassa den enkelte pasient. I sengeposten deltek pasientane i eit strukturert og tilpassa miljøterapeutisk behandlingstilbod. Struktur og rammer rundt måltid og måltidsituasjon dannar fundamentet i miljøterapien, også med fokus på gradvis auka mestring omkring dette. Miljøpersonale tilbyr støtte og motivasjonssamtalar.

Pasientane får også tilbod om individuelle terapeutiske samtalar med psykiater eller psykologspesialist. Sosionom og klinisk ernæringsfysiolog blir kobla på når det er behov for dette.

Kvar veke samlast pasient og behandlarteamet til teammøte. Der vert førre veke evaluert og behandlingsplan for kommande veke vert laga.

Lengde på innlegginga vert tilpassa den enkelte pasient, gjennomsnitt på inneliggande behandlingstid er 3-6 månader. 

Vi vil også tilstrebe gode samarbeid med lokale behandlarar, for å sikre gode overgangar mellom behandlingsnivå.


Sist oppdatert 24.08.2023