Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS)
Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) er ein regional spesialavdeling for utgreiing og behandling av alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Vi tilbyr tverrfagleg behandling, rettleiing og kompetansestøtte til pasientar, pårørande og helsepersonell.
Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS) tilbyr spesialisert behandling til personar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest.
Behandling hos oss er aktuelt når du allereie har fått oppfølging i primærhelsetenesta, ved distriktspsykiatrisk senter (DPS) eller ved psykisk helsevern for barn og unge (PBU/BUP).
For å bli vurdert for behandling ved RAS må du ha tilvising frå DPS eller psykisk helsevern for barn og unge. Vi tilbyr planlagde innleggingar og poliklinisk behandling, men har ikkje tilbod om augeblikkeleg hjelp. Ventetida varierer ut frå behov og kapasitet.
Kontaktinformasjon
4. etasje, blokk 3
Telefon:55 97 68 20 (måndag til fredag 08.30 - 15.00)