Seksjon for spiseforstyrringar
Informasjon til helsepersonell
Pasientar som vil bli prioriterte til behandling ved Seksjon for spiseforstyrringar.
Seksjon for spiseforstyrringar skal ta i mot pasientar som ikkje har tilstrekkeleg effekt av behandling i distriktspsykiatriske sentre, barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar og andre deler av den ordinære spesialisthelsetjenesta.
Seksjon for spiseforstyrringar vil også kunne ta i mot pasientar der det er innlysande eller overveiande sannsynleg at behandling i den ordinære spesialisthelsetjenesta ikkje vil fungere, for eksempel alvorlig undervekt.
Krav til tilvising av pasientar til Seksjon for spiseforstyrringar
Øyeblikkelig hjelp
Seksjon for spiseforstyrringar har ikkje akuttfunksjon. Dersom pasienten treng øyeblikkelig hjelp må du kontakte legevakten eller medisinsk akuttmottak ved det sjukehuset som pasienten høyrer til. Helsepersonell kan ringe vår seksjon dersom de treng akutt rettleiing.