Register og biobank

Registera har som hovudmålsetning å kvalitetssikre utgreiing, diagnostikk, behandling og oppfølging , samt danne grunnlag for forskingsaktivitet.

Register for spiseforstyrringar og biobank ved Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen.

For at behandlingstilbodet til pasientar med spiseforstyrringar skal bli best mogleg, er det behov for betre kunnskap om heile pasientgruppa. Formålet med registeret er å sikre at behandlinga som blir gitt ved Regional avdeling spiseforstyrringar er av god kvalitet ved at ein får dokumentert og evaluert behandlinga som blir gitt.  

Register og/eller biobank vil via samtykke også brukast til forsking på spiseforstyrringar og behandling av desse lidingane, som igjen kan danne grunnlag for eit betre behandlingstilbod i framtida. Det er frivillig å delta. Dersom pasientar vel å ikkje delta treng dei ikkje oppgi grunn, og dette får heller ingen konsekvensar for dei verken no eller i framtida. Behandlingstilbodet er det same uavhengig om ein gjev samtykke eller ikkje. 

Register og biobank vil inkludere helseopplysningar, svar frå spørreskjema pasientar har fylt ut og ev. blodprøver frå alle pasientar som gjev informert samtykke og som møter til minst èin time ved Regional avdeling spiseforstyrringar, inkludert døgn og poliklinikk. 

​Vi planlegg å bruke data fra samtykkebasert register for å undersøke om traumehistorikk påverkar behandlingsutfall av behandling for spiseforstyrring. Vi planlegg å undersøke dette frå haus 2023. Registrerte har moglegheit til å trekke seg ved å ta kontakt med registeransvarleg ved Regional avdeling spiseforstyrringar, Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen, telefon  55 97 68 20 
Sist oppdatert 29.08.2023