Seksjon for spiseforstyrringar

Treng du hjelp?

Dersom du opplever at tankar omkring mat, kropp eller vekt tar store delar av merksemda di, og at du opplever at du må gjere aktivitetar som går ut over ting du likte å gjere tidlegare, fins det fleire stader du kan ta kontakt for å diskutere dette.

Blå bobler. Grafisk illustrasjon

Fastlegen vil for dei fleste vere ein god stad å ta opp vanskelege tankar du strevar med. Han eller ho vil kunne hjelpe deg med å vurdere korleis du kan gå fram for å endre dei vanskelege tankane og handlingane du har, og ho vil kunne gje deg støtte til å vurdere kva hjelp som vil vere best for akkurat deg.

Dersom du går på barne- eller ungdomsskule, eller vidaregåande skule vil du kunne snakke med helsesøster eller helsestasjon for ungdom der du bur.

For deg som er student vil du kunne ta kontakt med Studentenes psykiske helsetjeneste som høyrer til studentvelferda der du studerer.

Det fins også andre som arbeider for å hjelpe dei med spiseproblem. ROS er ein organisasjon som driv rådgjeving kring spiseproblem. Desse kan du kontakte på telefon, nett eller besøke dei på kontoret i Bergen sentrum. Dei du møter der vil sjølv ha erfaring med spiseproblem enten ved at dei sjølv har vore sjuke, eller at dei har nokon i familien som har opplevd dette. Dei har taushetsplikt på lik line med fastlege og helsesøster.

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser

SPISFO.no - Spiseforstyrrelsesforeningen 

Mange som har problem som gjeld mat, kropp eller vekt føler seg åleine. Dei kjenner på skam i forhold til tankar og handlingar dei har, og i skuld i forhold til korleis dei har det saman med vener og familie. Mange føler derfor at det er vanskeleg å snakke med vener og familie om korleis dei har det.

Dei fleste erfarer likevel at det er godt å kunne fortelje om korleis dei eigentleg har det, og at det gjer at dei opplever større grad av støtte og mindre krangling enn då dei ikkje delte sine tankar med dei som er rundt.

Dersom du opplever at tankar omkring mat, kropp eller vekt tar store delar av merksemda di, og at du opplever at du må gjere aktivitetar som går ut over ting du likte å gjere tidlegare, fins det fleire stader du kan ta kontakt for å diskutere dette.

Helsenorge.no – informasjon om spiseforstyrringar

Ung.no

Den beste behandlinga for spiseproblem er å få til varig endring i kvardagen. Ved å få hjelp til å endre tankar og handlingar knytt til mat, kropp og vekt i kvardagen, vil endringane kunne bli varige.

​​​​​​​​​​​Du møter utfordringar slik dei er i din verkelegheit, og du vil kunne lage deg strategiar for å møte vanskelege situasjonar. Du vil kunne fortsette i jobb eller på skule, og du vil ha støtte i vener og familie. Nokon treng meir støtte og rettleiing for å få til endringane som må til for å bli frisk, og då kan det vere aktuelt med behandling i dag- / døgnavdeling.

Dei aller fleste pasientane som kjem til behandling hos oss går til samtalar hos ein behandlar i poliklinikken. Du vil til å begynne med ha to avtaler i veka med behandlaren din, og få oppgåver som du skal gjere mellom timane. Seinare vil det gå noko lengre tid mellom timane.

Gjennom behandlinga hos oss vil du bli kjent med tankar og handlingar som du har fått grunna ditt spiseproblem. Ved å bli kjent med desse, vil du i samarbeid med behandlaren din kunne kjenne dei igjen, endre dei og etter kvart bli heilt frisk frå spiseproblemet ditt.

​​Seksjon for spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus er ein av fire regionale einingar i Norge, og har ansvar for pasientar på Vestlandet.

​​​​​​​Vi er ein del av spesialisthelsetjenesten i Norge, og kan tilby behandling til pasientar som allereie har forsøkt behandling i primærhelsetjenesten og på  det distriktpsykiatriske senteret (DPS) eller den barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikken (BUP) der du bur, utan å lukkast.

For å søke om behandling hos oss må behandlar på BUP / DPS sende ei tilvising.  Vi kan ta imot pasientar frå 16 år og oppover. Er du under 16 år kan fastlegen din ta kontakt med barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) der du bur.

Hos oss vil du kunne møte sjukepleiarar, psykologar, lege, fysioterapeut, sosionom, husmor og merkantilt tilsette. Som eit universitetssjukehus har vi ansvar for opplæring og undervisning av studentar.

Sist oppdatert 29.08.2023