Eksteriør barne- og ungdomssjukehuset. Foto

Ungdomspost

Ungdomspost er ein observasjons- og utgreiingspost for ungdommar mellom 13 og 18 år med psykiske vanskar. Behandling hos oss er frivillig.

Barn og ungdom som kjem til avdelinga vår har ofte hatt kontakt med ein BUP (poliklinikk) i ein periode. Sjølv om mange av dei etter kvart kjenner seg betre, er det likevel noko dei treng meir hjelp til.
Da kan innlegging på sjukehuset vere eit neste steg. På sjukehuset er du innlagt heile døgnet. Det jobbar flinke fagfolk i avdelinga vår, som står klare til å hjelpe deg og familien din vidare. Alle barn og ungdom som er innlagt får også skuletilbod.

Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpe deg på best mogleg måte, og vi gir beskjed til heimeskulen din om kva du treng når du blir utskrive igjen.
Den viktigaste oppgåva vår er å hjelpe til med å finne ut av kva som er vanskeleg for deg, og korfor det er slik. Vi snakkar derfor også med poliklinikken du har gått til. Vi kan prøve ut forskjellige måtar å hjelpe deg og familien din på, mens du er innlagt hos oss.
Det er likevel vanleg at dei fleste barna og ungdommane reiser heim kvar helg. I tillegg til dette kan dei vere heime ein ettermiddag i veka, eller få besøk på posten.
Personalet på posten jobbar i team, saman med lege, psykolog og lærar. På den måten kan vi hjelpe deg betre.
Vi ser ikkje bare på det som er vanskelig for deg, men også på alt du er god på, og kva du trivast med. Vi vil vere sikre på at vi ikkje overser noko viktig. 

Pasientar må vere motiverte for innlegging. Lengden på eit opphald er gjennomsnittlig fire veker. Alle får tilbod om omvising på posten ei til to veker før innlegging.

Ungdomsposten er eit tilbod til ungdom med psykiske lidingar i aldersgruppa 13 og 18 år. Det er ofte utredning for å finne ut kva som plagar deg, og behandling av vanskane dine som er det ein arbeider med under innlegginga hos oss. Vi har plass til opptil 10 ungdommer samtidig, og alle får egne rom, med egne dusj og toaletter.
Avdelinga er eit frivillig tilbod, det betyr at du som pasient hos oss, sjølv må ville være her. Dei fleste ungdommane er innlagt i ca. 4 veker. Posten opnar måndag morgon klokka 08:00, og stenger fredag ettermiddag klokka 15:00. Det er stengd på avdelinga i helger, så då får ungdommane reise heim. På onsdagar har vi permisjonsdag, det betyr at dei fleste ungdommane reiser heim på ettermiddagen mellom 17:00 og 20:00.

Utredning og behandling tar utgangspunkt i det som behandlaren din i poliklinikken, fastlegen, foreldra dine og du sjølv fortel at du strevar med. Utredninga vi tilbyr består av samtalar med deg, foreldra dine og andre som kan hjelpe oss til å forstå vanskane dine. Vi ønsker også å hjelpe deg til å forstå deg sjølv. Det er noen på jobb hele døgnet dersom du får det vanskeleg, eller treng nokon å snakka med.

Før innlegginga:

Behandlaren din i poliklinikken vil sende ei tilvising, med informasjon om deg, og kva det er du og familien din ynskjer hjelp til. Etter dette vil du bli kalla inn til eit møte hos oss, der du får helse på oss, og diskuterer kva vi skal arbeide med når du har hos oss. Deretter vil du få tilbod om omvising i avdelinga.

Når du kjem til innlegginga:

Dagen du kjem til innlegging, så tar du heisen opp i 2. etasje i blokk 2, og henvender deg i resepsjonen. Her vert du møtt av den som skal være behandlaren din, samt ein miljøterapeut. Vi vil då ha ein samtale for å høyre om det er noko nytt sidan sist vi prata saman, og avklare dei siste praktiske tinga. Så får du eit eige rom, og mange får ei omvising på sjukehusskulen den fyste dagen.

Under innlegginga:

Dei fleste ungdommane som er hos oss, går på sjukehusskulen. I tillegg til dette vil du har samtalar med behandlaren og miljøkontaktane dine. Saman med deg vil vi lage ein behandlingsplan, kor det står kva som skal være målet med innlegginga. Du vil også få ein vekeplan med oversikt over kva som skjer kva veke, slik at du heile tida veit kva som skal skje. Det vil være forskjellige aktivitetar om kveldane, med unntak av onsdagane, der det er permisjonstid.

Ved utskriving:

Når du skal skrivast ut, så vil ein kalle inn behandlaren din i poliklinikken og andre som er involvert i støtteapparatet ditt (eksempel på dette kan være PPT/OT, Skule, Barnevernet) til eit utskrivingsmøte. Her diskuterer vi kva vi har kome fram til, samt kva som er vegen vidare, og sikrar at alle veit kven som har kontakt med deg når du er utskriven.

På Ungdomsposten arbeider miljøterapeutar (sjukepleiarar, vernepleiarar og barnevernspedagogar), psykologar og psykiaterar/legar i spesialisering. Vi arbeider tverrfagleg i team rundt kvar pasient. Det betyr at du som pasient har eit team rundt deg som består av minst ein lege eller psykolog og to miljøterapeutar.

Miljøpersonalet er tilgjengeleg for deg heile døgnet. Alle som er innlagt går på skulen, som er tilknytta posten. Dette er ein liten skule, der undervisninga er individuelt tilpassa. 

Telefon / PC

Ungdommane har anledning til å ringe frå avdelinga sin telefon eller frå eigen mobil. Bruk av pc etter nærmare avtale.

Besøksdagar og helgeperm

Ungdommane har permisjon kvar onsdag frå kl. 17.00 til kl 20.00, og i helgar.

Kontakt

Telefon

Pårørande kan ta kontakt heile døgnet.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ungdomspost held til i Glasblokkene, Blokk 2, 2. etasje i Haukelandsbakken 15.
Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

Praktisk informasjon

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Er du mor eller far?

Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Då bør du oppsøke lege for å få barnet undersøkt. Legen kan tilvise til ein av poliklinikkane våre.
Les meir om tilboda våre
Silhuett av familie, mor, far og barn. Illustrasjon

Er du barn eller ungdom?

Vi har laga ein nettside spesielt for deg. Her finn du informasjon om kva BUP er, og om korleis vi jobbar. Vi fortel meir om kven du kan snakke med og kva som skjer hos oss.
Les meir om kva du møter hos oss
Silhuett av hoppende ungdom mot landskap. Illustrasjon