Poliklinisk rus- og avhengigheitsbehandling er eit viktig tilbod til våre pasientar. I tillegg til Avdeling for rusmedisin sitt polikliniske tilbod, finst det også polikliniske tilbod ved private rusinstitusjonar.
Poliklinikkane gjev tilbod til ungdom mellom 15-30 år og vaksne med rus og avhegigheitspoblematikk.
Dersom du får rett til behandling, vil den som oftast starta i poliklinikk. Behandlinga vil starta med ei kartlegging av ditt rusproblem og fungering på ulike livsområde, og dessutan eventuelle andre psykiske og fysiske lidingar og ressursar.
Før fyste behandlingstime vil pasient motta eit brev med informasjon om blant anna tidspunkt og oppmøtestad
Den vidare behandlinga vil ta utgangspunkt i din situasjon og kva mål du ønskjer å oppnå. All behandling i TSB er tverrfagleg, det betyr at fleire yrkesgrupper deltek og samarbeider: Lege, psykolog og sosialfagleg personell.
Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar, eventuelt par- og familiesamtalar. Det kan også gis tilbod om gruppesamtalar.
Behandlinga vil mellom anna bestå av meistringsteknikkar som tek sikte på å forsterka motivasjonen din for å slutta med rusmiddel eller kontrollera bruken. All rusbehandling omfattar hjelp med å førebyggja tilbakefall og oppfølging av eventuelle sosiale, psykologiske eller medisinske utfordringar.
Individuell behandling innehalder:
Utgreiing og diagnostisering av rus- og psykiske lidingar
Samtalar med pasienten åleine, eller saman med partnar, familien/føresette eller andre dersom pasienten ønskjer det
Psykologisk, medisinsk og/eller sosialfagleg behandling over lengre eller kortare tid
Vurdering av behov for, og tilvising til, supplerande dag/døgn-tiltak innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar
Avrusing i døgneiningar i spesialisthelsetenesta kan inngå som ledd i ei poliklinisk behandling.Den polikliniske behandlaren din har oversikt over slike tilbod.
Samarbeid med dag/døgntiltak i TSB eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar mens pasienten er innlagd
Utstrekt samarbeid med ulike kommunale instansar
Deltaking i ansvarsgruppe for pasienten
Hjelp til etablering av Individuell Plan
Råd, rettleiing og informasjon om andre behandlingstilbod, støttegrupper, skule-, arbeids- og aktivitetstilbod
Individuell arbeidsrettet oppfølging via Jobb først
Tilbod om samtale med pårørande, anten som del av pasienten sitt behandlingstilbod eller som eige poliklinisk behandlingstilbod for pårørande med Rett til helsehjelp i TSB
Informasjon om andre tilbod til pårørande
Rådgiving og rettleiing til andre instansar som arbeider med pasienten, både i kommunen og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Før avslutning vil det vera møte eller samtaler mellom sjukehuset og aktuelle tenester i kommunen.
Etter avslutta poliklinisk behandling sendar behandlingsstaden ein epikrise til pasient og henvisar. Epikrisa oppsummerar innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod,
Oppfølging i kommunen
Kommunen skal tilby hjelp til dei som har utfordringar knytt til rusmiddelbruk. Døme på slike tenester er:
råd og rettleiing gjennom ruskonsulent og fastlege
praktisk hjelp og opplæring
hjelp med å gjera spesialisthelsetenester tilgjengelege
arbeidsretta tiltak
tilbod om mellombels opphald
hjelp til å skaffa bustad for vanskelegstilte på boligmarkedet
Det blir stilt ingen krav om rusfridom for å få slike kommunale tenester.
Ambulant tilbyr ambulerande behandling til personar som på grunn av somatiske, psykologiske eller sosiale årsaker ikkje er i stand til å nytte seg av, eller har klart å kome i kontakt med, ordinære polikliniske rusbehandlingstilbod i Helse Bergen
AFR LAR tilbyr Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling til personar som er avhengige av heroin eller andre opioid (morfinliknande stoff).
Tilbyr behandling til unge menneske i alderen 18 til ca. 45 år som strevar med rusmiddel- og avhengighetsproblemer.De har eit særlig ansvar for å prioritere pasientar under 25 år.