Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En by ved siden av et vannområde

Forsking, Rus- og avhengigheitsklinikken

Forskingsseksjonen i Rus- og avhengigheitsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus arbeider for å utvikle betre og meir kunnskapsbasert behandling av rusmiddelavhengigheit. Forskinga vår tek utgangspunkt i kliniske problemstillingar og i behova til pasientane og tenestene.

Om forskingsseksjonen

Forskingsseksjonen har utvikla seg mykje sidan 2011. Då hadde seksjonen få tilsette, som gradvis bygde opp forskingskompetanse gjennom doktorgradsutdanning.

Seinare blei forskinga organisert i to forskingsgrupper:

  • Psykososiale intervensjonar ved avhengigheit, PIA
  • Bergen Addiction Research Group, BAR

I dag er dei tidlegare forskingsgruppene vidareførte under forskingssentera NORCATS og SEIER. Seksjonen har forskingssjukepleiarar, forskarar, seniorforskarar og fleire medarbeidarar med doktorgrad. NORCATS har ein nasjonal funksjon som forskingssenter for substitusjonsbehandling.

Vi gjennomfører:

  • kliniske studiar
  • registerstudiar
  • kvalitative forskingsprosjekt

Sentrale forskingstema er substitusjonsbehandling, pasientrapporterte resultat, livskvalitet, psykisk og fysisk helse, overdosar og dødelegheit. Pasientar og brukarrepresentantar deltek i planlegginga og gjennomføringa av prosjekta.

Vi samarbeider med kliniske fagmiljø, universitet, kommunale tenester og brukarorganisasjonar i Noreg og andre land. Seksjonen bidreg også til undervisning, forskarutdanning og utvikling av nasjonale og internasjonale faglege nettverk.