Metabolismen til metadon og tydinga av det i behandling av pasientar i LAR

Satsingsprosjekt 3 vil evaluere samanheng mellom dose og serumkonsentrasjon av metadon og opplevd effekt og biverknader av denne substitusjonsbehandlinga.

Satsingsprosjekt 3 vil foregå i samarbeid med Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF) ved Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet (FHI). Hovudsamarbeidspartnerar her er professor Jørgen Bramnes (leiar av SERAF) og Gudrun Høiseth ved FHI. Formålet med Satsingsprosjekt 3 er å auke kunnskapen om omdanninga av metadon, kva faktorar som påverkar dette og kva konsekvensar det vil ha for LAR- behandling. Det vil bli søkt midlar til eit tre-årig PhD-prosjekt.

Metadon er eitt av legemidla som blir brukt i LAR. Det er i dag rundt 3000 metadonbrukarar i LAR i Noreg. Trass i at metadon har vore på marknaden i meir enn 50 år er det mange aspekt ved metadonbehandling vi framleis ikkje kjenner fult ut. Eitt av desse er korleis metadon blir omdanna i kroppen, korleis dette varierer mellom pasientane og korleis det kan påverke verknaden av behandlinga og risiko for biverknader og i verste fall fare for overdose.

Metadon har fleire gode eigenskapar som eit LAR-legemiddel. Det blir tatt ein gong i døgnet, gir ein stabil konsentrasjon i blodet og er generelt godt tolerert av pasientane. Legemiddelet er effektivt i å halde pasientane i behandlingsprogram. Det reduserer kor sjuke dei er, reduserer kor mange som døyr, det reduserer kriminalitet og aukar sjansen for psykososial rehabilitering hos pasientar. Metadon har også nokre biverknader som vektauke og redusert seksualfunksjon, og også nokre alvorlege biverknader som hjarterytmeforstyrring og overdose. Dei fleste av pasientane blir stabilisert med daglege dosar mellom 60-120 mg [13,14]. Det blir elles rapportert om store individuelle variasjonar i storleiken på døgndose, oppnådd serumkonsentrasjon og opplevd effekt/biverknader. Det er derfor viktig å auke kunnskap om omdanninga av metadon og sjå om det er samanheng mellom dose, serumkonsentrasjon og effekt. Dette er avgjerande for å optimalisere effekt og unngå alvorlege konsekvensar med behandlinga.

Metadon blir i hovudsak metabolisert av Cytokrom P450-isoenzym (CYP) i levra. Individuelle forskjellar i aktiviteten til enzyma og genetiske polymorfismar kan ha innverknad i oppnådd serumkonsentrasjon av metadon og muligens effekt og biverknader. Kunnskap på dette området er elles sparsam og til dels motstridande. Metadon er også gjenstand for interaksjonar med samtidig bruk av andre legemiddel, som igjen kan medføre mogleg nedsett effekt eller auka risiko for biverknader og overdose [15,16]. Det er i tillegg generelt høgare førekomst av HCV leveraffeksjon hos LAR- pasienter. Det føreligg ikkje data på kor vidt tilstanden kan påverke metadonbehandlinga og dermed effekt/biverknader [17].


Satsingsprosjekt 3 vil gi svar til følgande problemstillingar gjennom bruk av biologiske datamateriale (to naturalistisk observasjonelle studiar) og LAR- pasientar i Bergen (to prospektive studiar):


1. Korleis er samanhengen mellom metadondose og serumkonsentrasjon generelt hos ein LAR-populasjon og korleis påverkar faktorar som alder, kjønn og særleg bruk av andre medikament denne ratioen?
2. Kor mykje påverkar genvariasjon i enzym som omdannar metadon forholdet mellom dose og serumkonsentrasjon av metadon hos LAR-pasienter?
3. Har dose/konsentrasjonsratioen for metadon noko tyding for korleis LAR- pasientar opplever effekten av metadonbehandlinga? Har det tyding i forhold til opplevde biverknader?
4. Korleis påverkar HCV og nedsett leverfunksjon metabolismen av metadon?

Referanser:

  1. Verguet S, Olson Z. D, Johansson, KA et al. Health gains and financial risk protection afforded by public financing of selected interventions in Ethiopia: an extended cost-effectiveness analysis. Lancet Glob Health 2015;3, e288-96.
  2. GBD-2013, Global Burden of Diseas 2013. http://ghdx.healthdata.org.
  3. SIRIUS, Statens institutt for rusmiddelforskning; Rusmidler I Norge 2014.
  4. European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction, European Drug Report. Trends and developments. Lisbon: European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction (EMCDDA. 2015.
  5. SERAF, Senter fra rus- og avhengighetsforskning, Statusrapporten LAR 2015.
  6. Dalgard O et al. Hepatitis C in the general adult population of Oslo: prevalence and clinical spectrum. Scand J Gastroenterol 2003;38(8): p. 864-70.
  7. Dalgard, O et al. Hepatitt C – utredning og behandling. Tidskr Nor Legeforen 2011;131;E1-8.
Sist oppdatert 07.03.2022