Behandling

Abort - planlagt abort

I Noreg har kvinner sjølv rett til å bestemme om de vil avbryte svangerskapet i løpet av dei tolv første vekene. Svangerskapets lengde blir rekna frå første dag av din siste menstruasjon.

Har du behov for rettleiing og samtale?

Å bestemme seg for å fullføre eller avbryte eit svangerskap kan opplevast som ei vanskeleg avgjersle å ta. Treng du nokon å snakke med kan du ringe Amathea som er ei statsfinansiert og gratis rettleiingsteneste. Du kan også få prevensjonsrettleiing og samtale etter abort, både etter spontan abort og etter sjølvbestemt abort.
Kontakt på telefon 90 65 90 60 eller chat på heimeside. Amathea har også kontor sentralt i Bergen.

Amathea - veiledningstjeneste for gravideTil deg som vurderer abort - informasjon frå helsenorge.no

Du kan ringe 23 32 70 00 for direkte vidarekobling til sjukehus eller rådgivingsteneste, og for å få relevant informasjon og rettleiing om regelverk og rettar.

Tilvising og vurdering

Alle kvinner som søker abort kan ta direkte kontakt med poliklinikk for å avtale time. Det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege eller legevakt.

 

Før

Ventetid på sjukehuset

Sjølv om du har fått time på sjukehuset til ei gitt tid, vil det kunne ta litt tid.

Vi har også ein akutthjelpfunksjon som gjer at desse pasientane må bli prioritert, noko som kan føre til at timen din blir endra. Sett derfor av nokon timar den dagen du har fått avtale på sjukehuset.

Under

Abortmetoder

Det er to metodar for å avbryte svangerskapet: Kirurgisk og medikamentell. Medikamentell abort er i dag den mest vanlege abortmetoden. Kirurgisk abort blir kun utført i spesielle tilfelle.

Dei fleste sjukehusa tilbyr begge metodane, og det er fritt sjukehusval. Du kan kontakte sjukehuset og høyre kva metodar dei tilbyr.

Medikamentell abort

Medikamentell abort er i dag den mest vanlege metoden. Aborten startar ved at du får éin tablett med mifepriston (Mifegyne®) av sjukepleiar på Gynekologisk poliklinikk.

Verkestoffet i tabletten gjer at livmora ikkje lenger reagerer på kroppen sitt eige graviditetsbevarande hormon progesteron. Dermed blir den vidare utviklinga av graviditeten stansa. Når tabletten er tatt har aborten starta. Du bør då fullføre aborten.

Etter at du har tatt tabletten drar du heim, og vi anbefaler at du prøver å leve så normalt som mogleg. I løpet av dei neste to dagane kan du bli kvalm, begynne å blø og få menstruasjonsliknande smerter.

Etter to døgn skal du fullføre aborten. Du kan komme tilbake på sjukehuset, eller velje å fullføre heime dersom forholda ligg til rette for det. Kor hen du ønskjer å fullføre aborten må du bestemme i løpet av den første konsultasjonen på sjukehuset.

1-2 døgn etter at du har tatt den første tabletten, blir du lagt inn på dagavdelinga. Du set sjølv fire tablettar med misoprostol (Cytotec®) inn i skjeden, og tek deretter smertestillande tablettar.

Misoprostol gjer at livmora trekkjer seg saman. Dette kan gi ein del smerter, og kan opplevast på same måte som ved ein spontan abort. Vi prøver å gjere situasjonen så lite smertefull som mogleg, og tilbyr smertestillande medisinar etter behov.

I løpet av dei neste 4-6 timane vil dei fleste abortere. Du kan ete og drikke det du vil. Det er ein fordel at du er i aktivitet då dette får fortgang i prosessen. Sjølve aborten inneber bløding med koaglar / klumpar, og kan samanliknast med dei første dagane av ein menstruasjon, kanskje med litt sterkare smerte. Dei fleste reiser heim same dag.

Brosjyre - Abort på sjukehuset

Medical abortion at the hospital

Ved dei aller fleste sjukehusa kan friske kvinner velje å fullføre aborten heime dersom svangerskapet har vart under 9 veker. Du må ha ein vaksen person hos deg den dagen du aborterer. Gangen i aborten heime er slik som ved innlegging på sjukehus.

Du får med deg Cytotec® som du skal setje inn i skjeden om morgonen to dagar etter du fikk Mifegyn. Deretter tek du smertestillande tablettar som du har fått med deg frå poliklinikken. 

Brosjyre - Medikamentell heimeabort

Medical abortion at home


Etter ein medikamentell abort

Etter aborten vil dei fleste blø mindre og mindre i 2-3 veker. Så lenge du blør skal du bruke bind, ikkje tampong. Du bør unngå samleie dei 2 første vekene i etterkant av aborten, eller så lenge du blør. Om du treng sjukmelding utover eigenmelding, kan du bli sjukemeld i 1-2 dagar frå og med den dagen du tek Cytotec.

Det er vanlegvis lite biverknader ved behandlinga. Dei mest vanlege plagene er rikeleg bløding og magesmerter. Faren for infeksjon er låg.

Etter

Etterkontroll

Det er ingen legekontroll etter aborten. Du har fått med deg ein graviditetstest. Du skal sjølv kontrollere at denne er negativ 28 dagar etter inntak av Mifegyne.

Dersom graviditetstesten er positiv, skal du gå til fastlegen din og ta ein blodprøve (serum HcG). Prøven måler nivået av svangerskapshormon i blodet ditt og fortel oss om behandlinga har vore vellukka. Den vil også kunne avdekke eventuelle komplikasjonar / utilstrekkeleg behandling, som fastlegen din vil følgje opp.

Det er viktig at du tar denne graviditetstesten for å vere sikker på at svangerskapet er avslutta. Dersom du ikkje gjer det, er dette på eige ansvar.

Etter ein abort

Kvinner har eggløysing som normalt etter aborten, og du kan derfor bli gravid to veker etter behandlinga. Av den grunn blir det tilrådd at du startar med prevensjon rett etter aborten. Sjukepleiar informerer deg om prevensjon, og du får tilbod om e-resept.

Reaksjonar på å ta abort

Kvinner reagerer ulikt på det å ta abort. Dei fleste vil føle seg letta etter inngrepet, men samtidig er det ikkje uvanleg å føle vemod. Ei blanding av ulike følelsar er også ein vanleg reaksjon.

For dei fleste vil det vera til hjelp å snakke med sine næraste. Du kan også kontakt fastlegen din eller  Amathea om du ønsker nokon å snakke med.

Relaterte lenker

Til deg som vurderer abort - informasjon frå helsenorge.no

Lov om svangerskapavbrot

Rutiner ved svangerskapsavbrudd (pdf)

Sex og samfunn - Senter for ung seksualitet

Kontakt

  • Kontakt Gynekologisk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Glasblokkene, blokk 6, 4. etasje, ventesone F14 

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


    Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


    Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


    Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

    I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

    Måltida i spisestoven blir servert: 

    Frokost: 08.00-09-00

    Lunsj: 11.30-12.30

    Middag: 15.00-16.00

    Kvelds: 19.00-20.00

    Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

     

    Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

    Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

  • Kontakt Gynekologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Glasblokkene, Blokk 6

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


    Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

    For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

    Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​.

    Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

    Vi har besøkstid mellom kl. 17.00-20.00.​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    ​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

    Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

    Les meir om Vardesenteret