Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Alkohol – avhengigheit

Skadeleg bruk eller avhengnad av alkohol er den hyppigast forekommande ruslidinga i Noreg.

Kva er skadeleg bruk/avhengnad av alkohol?

Skadeleg bruk er når alkohol blir brukt slik at det gir helseskade. Skadeleg bruk er i hovudsak knytt til fysisk og psykisk helseskade forårsaka av alkoholbruk. Skadeleg bruk kan gi helseskadar utan at det treng å ligge føre eit avhengnadssyndrom.

Avhengnadssyndrom er når ei rekke åtferdsmessige, tankemessige og fysiologiske fenomen utviklar seg etter gjentatt alkoholbruk. Det vil seie at du har eit sterkt ønske om å drikke, vanskar med å kontrollere bruken, og du fortset bruk trass i skadelege konsekvensar, auka toleranse og nokre gonger ein fysisk abstinenstilstand. Bruk av alkohol får høgare prioritet enn andre aktivitetar og forpliktingar.

 

Bruk av alkohol kan gi ei kjensle av spenningsreduksjon og avslapping. Verknaden av alkoholen kan gi deg opplevd reduksjon av plager og symptom. Samtidig kan alkohol svekke viktige funksjonar som konsentrasjon, minne, motorisk koordineringsevne, reaksjonsfart og resoneringsevne og kan redusere kontroll og hemningar.

Alkohol er medverkande årsak til meir enn 60 fysiske sjukdommar. Blant desse er høgt blodtrykk, hjerneslag, hjarteinfarkt, ei rekke former for kreft, magesår, nerveskadar, fosterskadar, nedsett immunforsvar og skader på indre organ som lever og bukspyttkjertel.

Dei psykiske skadeverknadene er avhengige av individuell sårbarheit. Nokre personar er spesielt kjenslevare.

Skadeleg bruk eller avhengnad av alkohol blir oftast utvikla over tid. Etter lengre tids drikking kan du få større toleranse for alkohol, og du må drikke større mengder for å oppnå den same effekten. Ved langvarig bruk kan du derimot plutseleg begynne å reagere uventa sterkt på små mengder alkohol. Dette kjem av alvorlege skadar på lever og hjerne.

Små mengder alkohol inneber vanlegvis liten skaderisiko for friske personar. Større mengder aukar derimot risikoen for skadar og ulykker.

Toleranseutviklinga og dei akutte abstinensplagene, som kan vere sterk lyst/sug etter alkohol, manglande evne til å kjenne glede, søvnforstyrringar, angst, forvirring, kvalme og oppkast eller hovudverk, vil forsvinne dersom du er haldande nokre veker.

Alle kan utvikle alkoholavhengnad, men nokon er meir utsette for å bli avhengige av alkohol enn andre. Alkoholavhengnad kjem av ei rekke ulike risikofaktorar – både genetiske og miljømessige. Kontinuerleg drikking over lang tid kan føre til endringar i motivasjons- og påskjønningssystemet av hjernen hos alle. Det finst inga sikker nedre grense for kor mykje og kor ofte du må drikke for å utvikle avhengnad.

Å sette diagnosen skadeleg bruk krev at den aktuelle skaden er påført den psykiske eller somatiske helsa di. Akutt forgifting eller «bakrus» er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg teikn på helseskade til at det kan kallast skadeleg bruk.

Diagnosen blir sett etter samtale mellom deg og legen/behandlaren din. Å sette diagnosen avhengnad kan berre gjerast dersom tre eller fleire av følgande kriterium har hendt samtidig i løpet av det siste året:

Du har:

  • sterk lyst eller kjensle av tvangen til å drikke alkohol
  • problem med å kontrollere inntaket av alkohol, du drikk til feil tid, på feil stad eller for mykje
  • sveitting, skjelvingar, kvalme og søvnløyse ved forsøk på å redusere eller slutte heilt å drikke – fysiske abstinensar
  • utvikla toleranse, slik at du må drikke meir for å oppnå den same effekten som lågare mengder tidlegare gav deg
  • ei kjensle av aukande likegyldigheit overfor andre gleder eller interesser, og bruker meir tid til å drikke alkohol eller komme deg etter alkoholinntak
  • eit ønske om å fortsette å drikke trass i openberre teikn på fysiske, psykiske og sosiale skadelege konsekvensar

Helsedirektoratet anbefaler at kvinner ikkje skal drikke meir enn tre einingar inntil tre gonger per veke, og fire einingar inntil fire gonger per veke for menn.

 

Når det er mistanke om skadeleg bruk eller alkoholavhengnad skal det gjennomførast AUDIT («Alcohol Use Disorder Identification Test»).

AUDIT-skår og grad av tilleggsproblematikk blir beskriven i tilvisinga. I tillegg skal det beskrivast kva konsekvensar alkoholbruken har medført for fysisk og psykisk helse, og dessutan behandlingsbehov.

AUDIT («Alcohol Use Disorder Identification Test»)

Diagram over aktører i avhengighetsbehandling

Milde tilstandar

AUDIT-skår 5–15 for kvinner og 8–15 for menn blir behandla av fastlege.

Moderate tilstandar

AUDIT-skår mellom 16 og 20, og milde tilstandar med fysisk/psykisk tilleggsproblematikk. For unge under 18 år bør ein vurdere faren for alkoholproblematikk som moderat ved ein AUDIT-skår over 7.

  • Ungdom med psykiske vanskar kombinert med overforbruk av alkohol kan få tilbod om behandling ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, BUPA.

  • Ved moderat tilstand bør det opprettast samarbeid mellom fastlege, kommunale tenester og/eller blir tilvist til poliklinikk for rus- og avhengnad ved distriktspsykiatriske senter. Ungdom over 15 år kan også få tilbod ved psykiatrisk ungdomsteam (PUT) ved poliklinikken for rus og avhengnadsbehandling.

Alvorleg tilstand

AUDIT-skår er over 21, og moderate tilstandar med fysisk/psykisk tilleggsproblematikk.

  • Ved alvorlege tilstandar bør det opprettast eit samarbeid mellom fastlege, kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Pasientar som ikkje blir vurderte å ha nytte av spesialisert rusbehandling, utover planlagde avrusingar, kan få tenester og tiltak frå fastlege og kommunehelsetenesta.

Utgreiing

Kartlegging av alkoholbruk blir gjord med AUDIT, eit kartleggingsskjema som gjeld bruk av alkohol siste 12 månader. Alcohol-E er ei utvida kartlegging som fortel deg om drikkemønsteret ditt og motivasjonen din for endring av alkoholbruk og eventuell behandling.

Kartlegging av alkoholbruk kan gjerast hos fastlege eller i kommunehelsetenesta, eller du kan gjere det sjølv på internett på nettsida til Helsedirektoratet. I tillegg til kartlegging av alkoholbruk er det viktig å kartlegge fysisk og psykisk helse.

Gå til kartleggingsskjemaet www.snakkomrus.no

I spesialisthelsetenesta kan du få tilbod om utgreiing av psykisk helse, og vi vil samarbeide med fastlege eller andre delar av sjukehuset for utgreiing av den fysiske helsa di når det er behov for det.

 

Nedanfor ein noko av dei utgreiingsverktøya spesialisthelsetenesta bruker for utgreiing av psykiske lidingar. Det er du og behandlaren din som vurderer om det er behov for utgreiing og kva verktøy som blir tatte i bruk.

Skjema og kartleggingar er berre hjelpemiddel i kartlegging og utgreiing, og erstattar ikkje møte mellom pasient og behandlar.

  • SCL-90-R
    Test for vurdering av psykiske plager og symptom hos vaksne.
  • I.N.I. – nevropsykiatrisk intervju
    Kartlegg eventuelle psykiske lidingar.
  • MADRS
    Måler omfang og intensitet av depresjonssymptom hos pasienten.
  • PRISM
    Diagnostisk intervju der det blir fokusert på å skilje symptom som kjem av rus og abstinens frå symptom knytte til psykiske tilleggslidingar.

I tillegg kan vi vise til nevropsykologisk utgreiing når det er formålstenleg.

Om du trur at alkoholbruken din er skadeleg, kan både helsestasjon, skole, heimeteneste, barnevern og NAV hjelpe deg med kontakt med fastlege og/eller kommunale helse- og omsorgstenester. Desse tilbyr kartlegging og behandling og kan eventuelt vurdere å tilvise vidare til spesialisthelsetenesta for behandling.

Under

På poliklinikken vil vi starte kartlegging og utgreiing i samarbeid med deg for å avklare ditt behandlingsbehov og -mål. Saman med deg vil vi snakke om rusmiddelbruk, psykisk helse og somatisk helse – inkludert eventuelt tannhelse og ernæring. Vi ønsker også å danne oss eit godt bilete av din sosiale situasjon og korleis du har det og fungerer i kvardagen med skole/jobb, økonomi og familieforhold. Alt samla vil danne grunnlag for din behandlingsplan.

Det kan vere aktuelt at dine pårørande blir involvert, dersom du ønsker det. Vi ønsker også å etablere eit godt samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar i din kommune/bydel.

Du kan lese meir om kartlegging og utgreiing i rusbehandling i den nasjonale retningslinja.

Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtaler og eventuelt gruppebehandling og par- og familiesamtaler.

Behandlaren din vil som regel ha ansvaret for å legge til rette for eventuell døgninnlegging. Ved behov for døgnbehandling vil du bli tilvist videre til ein døgninstitusjon som tar imot pasientar til behandling for alkoholavhengigheit. Det kan vere du vil ha behov for opphald på ein eining for avrusning før behandlinga.

Under ei døgninnlegging oppheld du deg på institusjonen. Det er mange ulike avdelingar og institusjonar, og du kan lese meir på helsenorge.no og avdelinga/institusjonen heimeside. Personalet er tverrfagleg samansett, og du vil få oppfølging av miljøterapeutar, psykologar og legar.

Ttilbodet der kan blant anna bestå av miljøterapi, individuelle samtaler og eltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. Etter døgnopphaldet er det vanleg å få tilbod om poliklinisk oppfølging ein periode.

For å få ei heilskapleg og trygg oppfølging får du tilbod om ein individuell plan og ei ansvarsgruppe gjennom heile behandlingsforløpet og etter at du er utskriven frå spesialisthelsetenesta. Både ved poliklinisk behandlingstilbod og ved døgninnlegging har vi eigen barneansvarleg som ein ressurs for barn som er involvert.

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Etter gjennomført poliklinisk gruppebehandling for skadeleg bruk og avhengnad av alkohol vil du få tilbod om oppfølging i sjølvhjelpsgruppe.

Oppfølging og rehabilitering skjer i hovudsak i samarbeid med fastlege og den kommunale helse- og omsorgstenesta der du bur, og er avhengig av kva hjelpetiltak du har behov for.

Har du samansette behov som gjer at du treng eit utvida behandlingstilbod etter gruppebehandlinga, vurderer vi dette saman med deg.

Det finst ei rekke organisasjonar som kan tilby deg og dine pårørande hjelp og støtte om de ønsker dette.

Sjå oversikt over organisasjonar innanfor rus og psykisk helse

Kontakt

Engenhuset Rusmedisin AFR
Ventetid: 4 - 11 uker

Ventetid: 4 - 11 uker

Kontakt Rusmedisin AFR
Foto av en bygning

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen

Dr. Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

floen

Floen, Manger, Nordhordland

Toskavegen 400

5936 Manger

inngangsparti askøy. foto

Haugane 8, Askøy

Haugane 8

5307 Ask

hvitt hus ved vannet.foto

Møllendalsveien 31

LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Transport

Du kan bruke bussar som går på E39/motorvegen til og frå Åsane.

Dersom du reiser frå Bergen sentrum:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Ta Øyjordsveien ved SPAR Øyjorden. Følg vegen 100 meter. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Dersom du kjem frå Åsane/Bergen Nord:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Bruk gangbrua over motorvegen og følg gangstien til Øyjordsveien. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Besøkande kan få parkeringsbevis i resepsjonen/hovudinngangen.

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

Ventetid

11 uker til innleggelse

11 uker til poliklinisk utredning/behandling

4 uker til poliklinisk utredning/behandling

8 uker til innleggelse

Praktisk informasjon

​Vi har dessverre ingen kantine eller kiosk til besøkande på poliklinikken. Nærmaste butikk er SPAR Øyjorden. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.