Når du skal til allergiutgreiing, må du ta med liste over dei faste medisinane dine. Avhengig av kva undersøkingar som skal gjerast, vil det kunne vere aktuelt med førebuingar heime. Dette blir du informert om ved innkallinga til timen. Det kan vere at du skal stoppe med allergitablettar eller astmamedisin. Dersom det ikkje er gitt beskjed om anna, skal du ta medisinane dine som føreskrive.
Allergiutredning hos lungespesialist, voksne
Allergi er hyppig forekommande i befolkninga og viser seg å auke i førekomst. Ein kan ha allergirelaterte symptom frå øvre og nedre luftvegar, mage og tarm eller frå hud. Fastlegen vil ofte kunne greie ut og behandle allergi, men av og til er det behov for at fastlegen tilviser til spesialisthelsetenesta for utgreiing og/eller behandling.
Kva er astma?
Astma er ein kronisk betennelsestilstand i luftvegane. Dette gir ein oversensibilitet i luftvegane som kan føre til gjentatte episodar med hoste, tettleik i brystet, tung pust eller surkling, særleg om natta eller tidleg om morgonen. Mellom episodar med forverring kan pusten vere normal. Av og til kan astma vere forårsaka av eller bli forverra av allergi.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har mistanke om astma eller det er behov for ytterlegare utgreiing eller behandling, kan du bli tilvist til astmautgreiing i spesialisthelsetenesta. Når det er mistanke om at allergi er ei medverkande årsak, kan du bli tilvist til ein kombinert allergi- og lungevurdering.
Før
Under
I samband med timen kan du vere sett opp til éin eller fleire undersøkingar hos sjukepleiar. Å stille diagnosen astma kan vere utfordrande, spesielt om du har lite plager på undersøkingstidspunktet. Utgreiinga inneber derfor ofte fleire testar. Dette kan vere undersøkingar som allergitest, spirometri (lungefunksjonstest), og lungeprovokasjonstest.
Utgreiingstida kan vare frå 30 minutt til 2 timar, avhengig av kva undersøkingar som skal gjennomførast. I denne tida inngår samtale, generell undersøking, spesialundersøkingar og gjennomgang av prøveresultat. Legen vil snakke med deg og undersøke deg i samsvar med problemstillinga.
Etter
Vidare forløp avheng av konklusjonen ved utgreiinga. Det kan vere vi ikkje finn grunnlag for mistanke om allergi som årsak til plagene dine.
Dersom ein påviser astma, er det oftast nødvendig med inhalasjonsmedisinar.
Det kan vere behov for ytterlegare kontrolltime for vidare utgreiing, og det kan bli sett i gang eit behandlingsprogram. Dei fleste kan følgast opp vidare hos fastlegen, så snart utgreiinga er ferdig.
Ved allergisk astma som blir forverra i pollensesongen trass i god symptomdempande behandling, kan allergenspesifikk immunterapi – også kalla allergivaksinasjon – vere ein del av behandlinga.
Kontakt
Konrad Birkhaugs hus
Yrkesmedisinsk avdeling
Ventetid: 12 uker
Ventetid: 12 uker
Kontakt Yrkesmedisinsk avdelingOppmøtestad
Arbeidsmedisinsk poliklinikk ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
Konrad Birkhaugs hus, 2. etasje.
Telefon 55 97 38 75

Konrad Birkhaugs hus
Jonas Lies vei 79
5021 Bergen