Diagnose
Autisme hos barn
Autisme er ei alvorleg og omfattande funksjonshemming som oftast opptrer før barnet er tre år. Variasjonen innan autismespektertilstander er stor. Symptoma kan opptre ulikt.
Symptom
Dersom barnet ditt har barneautisme vil du antakeleg sjå teikn til diagnosen mellom 18 månader og to års alder, eller enda tidlegare. Du kan kanskje legge merke til at barnet ditt:
- Ikkje reagerer når du roper på han/ho, sjølv om ho/han ser ut til å høre lyder
- Verker å være «i si eiga verd»
- Ikkje møter blikket ditt, smiler til deg eller legg merke til at du forlèt eller kjem inn i rommet
- Føretrekker å leike åleine og kan leke med gjenstandar på ein uvanleg og kanskje repeterande måte
- Oftare enn andre kan ha raserianfall
- Forsinka språkutvikling, eller stopper opp og eventuelt går tilbake i språkutviklinga
- Er meir sensitiv på endringar rundt seg enn andre barn
Hos barn med lettare autismespektertilstander kan vanskane bli tydlegare etter kvart som krava til samspel og kommunikasjon aukar med alder.
Om behandlinga:
Autisme er ei livslang tilstand som har betre prognose jo tidlegare barnet får diagnosen og påfølgande tilrettelagt oppfølging.
Autismediagnosen skal stillast i spesialisthelsetenesta. Diagnostiseringa følgjer ei fast prosedyre som er utvikla og kvalitetssikra til formålet. Dette inneber systematiske observasjonar og utviklingshistorikk. Det finst ingen blodprøver eller andre medisinske testar som kan påvise autisme. Det er leger og / eller psykologar med tilstrekkeleg kompetanse på fagfeltet som kan stille diagnosen.
Det finnes ingen lekemidlar som hjelper mot autisme. Tidlig tilrettelegging og kunnskap om autisme hos dei som skal være saman med barnet er viktig. Det er også utvikla fleire intensive behandlingsmetodar som hjelpe barn og unge med autisme til å styrke si sosiale og språklege fungering.
Det forskas på andre typar behandlingar som for eksempel spesielle diettar. Det finst ingen dokumentert effekt av desse så langt.
Tilvising og vurdering
Fastlegen din er den som kan tilvise barnet ditt til diagnostisering og oppfølging i spesialisthelsetenesta.
Utredning
Barnet bør førebuast på kva som vil skje når det kjem til sjukehuset for utgreiing. Informasjonen må være tilpassa barnet sitt alder og funksjonsnivå.
Vanlegvis vert foreldra kalla inn til samtale utan barnet første dag av utgreiinga ved autismeteamet. Ved behov kan foreldre drøfte korleis barnet best blir forberedt på det som møter dei når barnet kommer til utgreiing dei påfølgande dagane.
Haukeland sjukehus er et stort sjukehus med dårlig mogelegheit for parkering. Det er derfor lurt å beregne god tid til å finne parkering dersom ein kjem med eigen bil.
I Helse Bergen tar utredning og diagnostisering 3-4 dagar.
Behandling
Utredning og diagnostisering av autisme finn stad poliklinisk. Føresette vil få eit program med innkalling til tidspunkt dei skal møte med eller utan barnet på poliklinikken. Deler av utgreiinga skjer ofte i barnet sitt vante miljø, for eksempel i barnehagen. Dette vil det eventuelt informerast om i forkant.
Dersom det ikkje tidlegare er gjort ei barnepsykiatrisk undersøking vil barnet få det hos oss på poliklinikken. Det krevs ingen førebuingar til denne legeundersøkinga. Det vert ikkje tatt blodprøver eller anna som kan være ubehageleg eller smertefullt. Om det er nødvendig med blodprøver eller likande vil det bli sendt rekvisisjon til det i etterkant.
Observasjonar, samhandling og samtaler med barnet skjer i eige rom på poliklinikken som er utforma nettopp for dette. Barnet / ungdommen vil få oppgåvene som vanlegvis ikkje oppfattast som vanskelege, og kan minne om både leik og skuleoppgåver. Føresette er alltid med inn på utgreiingsrommet med dei minste barna. Denne delen av undersøkinga tek vanlegvis ein time.
Dersom barnet har ein autismediagnose vil behandling og oppfølging varierer ut i frå behovet til barnet. Spesialisthelsetenesta kan gi direkte behandling og rettleiing til barn og føresette. Spesialisthelsetenesta skal også hjelpe dei lokale hjelpetenestene rundt barnet med rettleiing og opplæring slik at dei blir kompetente til å gi barnet den hjelp og støtte barnet har behov for.
Førskulebarn med diagnosen barneautisme blir følgt opp frå spesialisthelsetenesta i heile barnehagetida og i tida rundt skulestart «dersom det er behov for dette». Spesialister på sitt felt rettleier for eksempel barnehage, PPT og andre som skal gje direkte hjelp til barnet lokalt.
Behovet for spesialisthelsetenesta varierer mye. I nokre situasjoner har barnet/ familien og hjelperne rundt barnet behov for noen få veiledningstimer for å få hjelp med konkrete problemstillinger knyttet til autisme tilstanden. I andre tilfelle kan hjelpebehovet strekke seg over månadar og år.
Oppfølging
Etter utredning skal resultat og vurderingar meldes tilbake til dei føresette. Foreldre har rett på god informasjon om diagnosen barnet får. Det er den som stiller diagnosen som er ansvarlig for å gi tilstrekkelig informasjon om diagnosen både til barnet avhengig av alder og pårørande.
Etter avtale med foreldre er det også vanlig at den som setter diagnosen er med og gir informasjon om diagnose og eventuelt behov for oppfølging og behandling til fastlegen til barnet, lokal BUP, PPT, skole og andre fagpersonar som skal være med å sørge for god tilrettelegging rundt barnet i nærmiljøet.
Når barnet er godt nok ivaretatt i nærmiljøet skal spesialisthelsetenesta avslutte behandling og oppfølging. Det skal alltid skje skriftleg med ei oppsummerande epikrise som vert sendt til føresette og tilviser (vanlegvis fastlege). Dersom det oppstår nye problemstillingar som krev bistand frå spesialisthelsetenesta vert barnet tilvist på vanleg måte.
Kontakt
Glasblokkene
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen