
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Når du kjenner på din eigen puls med ein finger, til dømes på handleddet, kjenner du at det dunkar lett mot fingeren. Det du kjenner er blodtrykket når blodet trykker mot blodåreveggen. Blodtrykket er det trykket som blodet utøver mot veggen i blodårene, når det strøymer gjennom desse. Med blodtrykket meiner vi som regel det arterielle blodtrykket, altså det blodtrykket som blir målt i arteriene (pulsårene). Det er dette blodtrykket som blir målt på sjukehuset.
Blodtrykket blir angitt med to tal delt av ein skråstrek. Overtrykket er trykket i pulsårene når hjartet trekk seg saman, og blir kalla det systoliske blodtrykket. Undertrykket er trykket i pulsårene mellom hjarteslaga, altså når hjartet kviler. Dette trykket kallar vi det diastoliske blodtrykket. Eit blodtrykk på 100/60 betyr altså at trykket er 100 når hjartet trekk seg saman, og 60 når hjartet kviler. Blodtrykket blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg).
Det kan vere fleire årsaker til at barn skal måle blodtrykk. Skal barnet starte med en ny medisin som kan virke på blodtrykket, vil det vere viktig å ha eit utgangspunkt før medisineringa startar. Er barnet innlagt i ei intensiv- eller operasjonsavdeling, blir blodtrykket ofte målt for å passe på at det ikkje blir for lavt. Men den viktigaste årsaka for å måle blodtrykk hos barn, er for å avdekke om barnet har høgt blodtrykk (hypertensjon). Barn og ungdom med for høgt blodtrykk kan ha auka risiko for hjarte- og karsjukdom og nyresjukdom som vaksne.
Når vi måler blodtrykk på barn i sjukehus er det stort sett to målemetodar vi bruker; manuell- og automatisk måling. Automatisk målemetode er den enklaste og mest brukte metoden i dag. Metoden har ein fordel i at den er svært enkel i bruk. Samtidig har fleire studiar vist at automatiske målingar ofte måler høgare blodtrykk hos barn. Manuell målemetode er anbefalt på barn då den både gir mest nøyaktig resultat (dersom den blir utført rett) og fordi referanseverdiane på barn er basert på manuelle målingar.
Vi held til i blokk 6, 3 etasje i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Alle pasientar som skal leggast inn på Barnekirurgen blir tatt imot i kirurgisk mottak for barn i blokk 6, etasje U1 i Glasblokkene.
Barn og unge som blir innlagt kan vere knytt til ulike kirurgiske spesialitetar. Har du spørsmål om kommande innlegging eller poliklinikk kan du kontakte sentralbordet på telefon 55 97 50 00 og be om å bli sett over til:
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen