Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Dagbehandling ved rusavhengnad
Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) kan vere behandling på dagen. Dagbehandling er eit tilbod til deg som har behov for behandling, men ikkje treng innlegging. Dagbehandling skjer ofte i forlenginga av eit opphald på ein døgninstitusjon.
Før
Før oppstart i dagbehandling er det viktig at du er kjent med behandlingstilbodet, og at behandlingsstaden kjenner deg. Det er nyttig med planleggingsmøte før behandlinga.
Under
Dagbehandling består av individuell behandling i form av samtaler, og eventuelt deltaking i ulike grupper. Gruppetilboda kan vere samtalegrupper, behandlingsgrupper, kreative grupper eller treningsgrupper.
Etter
Etter avslutta dagbehandling sender behandlingsstaden ei epikrise til deg og tilvisaren din som samanfattar innhaldet i behandlinga, gjerne med forslag til vidare behandling eller andre tilbod.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.