Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

De Utrolige Årene

Dei Utrulege Åra (DUÅ) er eit gruppebasert tilbod som er utvikla for å førebygge eller behandle åtferdsvanskar hos barn. Tilbodet består av ein programserie med åtte ulike modular. Eit overordna mål med programserien er å fremje gode og utviklingsstøttande relasjonar mellom barn og nære vaksne og framme positive samspel barn imellom. Målgruppa er barn mellom 0–12 år.

Når de deltar i DUÅs gruppebaserte tilbod, vil du kunne oppleve:

  • ein meir positiv relasjon mellom vaksne og barn
  • at stressnivået i familien blir redusert
  • at oppsedingsstrategiane til foreldra blir betre og meir positive enn dei var før
  • at i behandlingsgrupper for tilviste barn blir åtferds- og sosiale vanskar betydeleg reduserte for to av tre barn

Åtferdsvanskar hos barn viser seg oftast som grenseutprøvande åtferd, trass og vanskar med emosjonell regulering, spesielt regulering av frustrasjon og sinne. Barn med åtferdsvanskar har ofte samansette vanskar. Det vil seie at åtferdsvanskane kan opptre saman med språk– og lærevanskar, hyperaktivitet/konsentrasjonsvanskar og indre emosjonelle vanskar, eksempelvis tungsinn eller angst.

Barn som har levd under mangelfulle omsorgsrammer og/eller har opplevd traume kan også vise åtferdsproblem. Når eit barn har alvorlege åtferdsvanskar, er det viktig å kartlegge og greie ut både barnet sjølv og familien og nærmiljøet deira for å få ei god forståing av kva som forårsakar og held oppe vanskane til barnet. Barn med alvorlege åtferdsvanskar vil ofte ha behov for fleire og ulike typar behandlingstiltak.

Dei nære vaksne rundt eit barn med åtferdsvanskar, foreldre og tilsette i skole, SFO/AKS eller barnehage, kan oppleve det vanskeleg å møte barnet på gode og støttande måtar og det er lett å komme inn i negative samspelmønster. Eit barn med åtferdsvanskar vil ofte oppleve seg masa på og irettesett og står i fare for å utvikle eit negativt sjølvbilde. Svært mange av desse barna strevar også i sosialt samspel med andre barn.

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er lege, psykolog, helsesjukepleiar, barne- og familieteneste, PPT og barnevern som kan tilvise barn og unge til Psykisk helsevern barn og unge.

Før

Ansvarleg behandlar vil saman med familien vurdere kva som er rett behandling etter gjennomført utgreiing. Dersom det blir vurdert at Dei utrulege åra foreldregruppe er rett behandlingstilnærming, vil ansvarleg behandlar søke internt om dette. Søknaden blir så vurdert av DUÅ gruppeleiarar. Aktuelle foreldre vil bli innkalla til ein vurderingssamtale med orientering om behandlingstilbodet og avklare om dette er eit aktuelt behandlingstilbod for familien.

Dersom det er behov, kan barnet få tilbod om ein «bli-kjent samtale» før gruppa startar.

Under

DUÅ består av ein programserie med åtte ulike modular, delt inn i:

  • foreldreprogram (merksame og utviklingsstøttande foreldre, 0–1 år, 1–3 år, 3–6 år og 6–12 år)
  • barneprogram (dinosaurskole i smågruppe og dinosaurskole i klasserom/SFO/barnehage)
  • program for tilsette i skole/SFO/AKS eller barnehage (skole- og barnehageprogram)

Behandlingstiltak som spesialisthelsetenesta kan tilby er:

  • foreldreprogram 1–3 år, foreldreprogram 3–6 år, foreldreprogram 6–12 år
  • dinosaurskole i smågruppe

Det kan variere mellom dei ulike helseføretaka kva program som blir tilbodne.

 

Programmet blir tilbode foreldre som har barn i alderen 1–3 år og strekker seg over 13 veker.

Småbarnsprogrammet har som mål å hjelpe foreldre som har vanskar i samspel med barn i alderen 1–3 år. Foreldra lærer å gi god utviklingsstøtte til barna gjennom å etablere gode og positive relasjonar, og gjennom å skape eit miljø der barnet kjenner seg trygt og varetatt.

Første del av programmet har tema som bidrar til å utvikle eit positivt samspel mellom foreldre og barn i leik, og dessutan korleis foreldre kan oppmuntre barnet til å lære språk, lære begynnande sosiale ferdigheiter og å bli kjente med sine eigne kjensler. Det fokuserer på korleis foreldre kan motivere barn til læring gjennom oppmuntring, ros og spontane påskjønningar.

Vidare blir gode rutinar vektlagde ved legging, avskil og gjensyn  og korleis foreldre kan gi gode beskjedar som legg til rette for samarbeid mellom foreldre og barn. I programmets siste del lærer foreldre positive grensesettingsstrategiar.

Dette programmet kan givast til foreldre med barn som utviser moderat grad av vanskar i 14 veker eller som behandlingstiltak for barn med alvorlege og/eller samansette vanskar (ofte åtferdsvanskar og ADHD) i 18–20 veker.

Barn med meir omfattande problematikk kan ofte vise trass, grenseutprøvande åtferd, ha vanskeleg for å regulere frustrasjon og sinne og vil også ofte ha ei åtferd prega av uro, impulsivitet og lite uthald.

Målsettinga med å gi DUÅ som behandlingstilbod, er å hjelpe foreldre til å utvikle ferdigheiter der dei kan sampille med barnet på måtar som er meir positive, formålstenlege og utviklingsstøttande.

God utviklingsstøtte frå nære vaksne kan førebygge utvikling av negativt samspel og åtferdsvanskar hos barnet på lengre sikt. 

Første del av programmet handlar om å bygge gode relasjonar mellom barn og foreldre, gjennom barnestyrt leik og korleis foreldre kan øve seg på å gi utviklingsstøtte med tanke på omgrepsutvikling, emosjonskompetanse, emosjonsregulering og sosiale ferdigheiter.

Vidare blir det fokusert på korleis foreldre via ros, oppmuntring og påskjønning kan motivere barnet. Ved å ha gode daglege rutinar, gi gode beskjedar og gi proaktiv støtte i overgangar, kan  det førebygge at vanskelege situasjonar oppstår og sikre eit godt samarbeid med barnet.

På slutten av programmet lærer foreldre korleis dei kan møte negativ åtferd hos barnet ved bruk av konsekvensar, oversjå merksemdsøkande negativ åtferd og bruk av strategiar for at barnet kan å roe seg ned ved aggressiv eller utagerande åtferd.

Programmet består av 14–22 vekevise møte (avhengig av om det er eit førebyggande tiltak eller behandlingstiltak) og tar sikte på å styrke ferdigheiter hos foreldre som har barn i alderen 6–12 år. Det bygger på same prinsipp som er beskrivne i programmet for førskolebarn, men med tilpassingar av tema i forhold til eldre barn.

Alle foreldre som er med på foreldrerettleiingskurs, får låne boka «Utrulege småbarn. Ein rettleiar til oppdagingsferda til småbarnet i livet» av  Carolyn Webster-Stratton. Boka blir brukt aktivt under kurset.

Dette programmet blir gitt som behandlingstilbod til barn som har alvorlege åtferdsvanskar og/eller samansette vanskar (ofte åtferdsvanskar og ADHD) i spesialisthelseteneste eller til barn som er i risiko for å utvikle vedvarande åtferdsvanskar. Det kan også nyttast som målretta tilbod i skole eller barnehage ved for å styrke barn med begynnande sosiale, emosjonelle eller åtferdsrelaterte vanskar . Dinosaurskole i smågruppe består av cirka 20 gruppesamlingar, der kvar samling varer to timar. Gruppa består av 6 barn i alderen 4–8 år.

Målet med Dinosaurskole i smågruppe er å styrke den emosjonelle og sosiale kompetansen til barna, evne til sjølvregulering og styrke sjølvbildet og opplevinga til barna av meistring. Barna øver på å kjenne igjen og forstå kjensler hos seg sjølve og andre, ta andres perspektiv, utvikle betre ferdigheiter til problemløysing og konflikthandtering i tillegg til sinnemeistring og sjølvkontroll.

Barna øver også på sosiale ferdigheiter som å lytte, spørje, ta kvar sin tur, dele, byte, hjelpe og samarbeide. Det blir også øvd på å betre impulskontroll som å kunne vente og ta tur, og det å kunne konsentrere seg om oppgåver og aktivitetar over tid.

Ein øver på dei ulike ferdigheitene gjennom samtale omkring videoklipp, gjennom leik og øvingar, bruk av store handdokker, og ved tilrettelagde aktivitetar knytte til dei ulike temaa. Barna har også heimeoppgåver mellom kvar samling som dei skal gjere saman med foreldra.

Barnehage eller skole blir også invitert til eit samarbeid omkring det aktuelle barnet i løpet av gruppeløpet og får jamleg informasjon om temaa det blir jobba med på Dinosaurskolen og i foreldregruppa.

Etter

Avslutningssamtale med foreldre etter enda gruppeløp. Det blir der vurdert behov for vidare hjelp og støtte.

Oppfølgingsgruppemøte 4–5 månader etter enda gruppeløp.

Dersom barnet har samansette vanskar, vil det ofte vere aktuelt med oppfølging/tiltak frå allmennpoliklinikken i tillegg til DUÅ-behandlinga.

Kontakt

Glasblokkene Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Oppmøtestad

Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.