Samtale
Før vi kan starte med behandlinga må du møte til ein vurderings-/kartleggingssamtale. Da snakkar vi med deg og foreldre/omsorgspersonar om desse vanskane, kor lenge du har hatt det vanskeleg og om du ønsker hjelp. Etter samtalen drøftar vi i DBT-teamet om vi trur at vi kan hjelpe deg med vanskane dine. Du/de vil også få meir informasjon om DBT.
Sjølvskading
Dialektisk åtferdsterapi (DBT) er også ein behandlingsmetode for deg som strever med sjølvskading. Mange som sjølvskadar gjer det berre éin eller få gonger. Men for andre blir dette ein måte å handtere vanskane på som pregar liva deira både på kort og lang sikt.
DBT er også nyttig dersom du strevar med sjølvmordstankar eller gjer sjølvmordsforsøk. All sjølvskading skal takast på alvor! Det å skade seg over lengre tid kan senke terskelen for kva som blir opplevd farleg å gjere mot seg sjølv, og kan føre til stadig meir alvorleg skade mot eigen kropp og eige liv.
Det er mange grunnar til sjølvskading. Nokon kjenner ein sterk indre psykisk smerte, andre kan ønske å straffe seg sjølv eller andre. Det kan også dreie seg om at du ønsker hjelp, men ikkje klarer å be om det. Kjenslene eller situasjonen kan kjennast uhandterleg og uløyseleg.
Å skade seg kan gi ein kortvarig lette, men er ei dårleg løysing på lang sikt. I DBT jobbar vi med å finne og trene på andre og mindre problematiske måtar å handtere sterke og ubehagelege kjensler på.
