Dialektisk atferdsterapi (DBT), ungdom
Dialektisk atferdsterapi (DBT) er ei terapiform for deg som strever med sjølvskading. Mange som sjølvskadar gjer det bare ein eller få gangar. Men for andre blir dette ei måte å handtere vanskane på som preger liva deira både på kort og lang sikt. DBT er også nyttig dersom du strevar med sjølvmordstankar eller gjer forsøk på sjølvmord. All sjølvskading skal bli tatt på alvor! Det å skade seg over lengre tid kan senke terskelen for kan som blir opplevd farleg å gjere mot seg sjølv, og kan føre til stadig meir alvorleg skade mot eigen kropp og eiget liv.
Før
Før vi kan starte behandlingamå du møte til vurderings- og kartleggingssamtalar. Da snakkar vi med deg og foreldre/omsorgspersonar om disse vanskane, kor lenge du har hatt det vanskeleg og om du ønsker hjelp. Etter samtalen drøfter vi i DBT-teamet om vi tror at vi kan hjelpe deg med vanskane dine. Du/dere vil også få meir informasjon om DBT.
Under
Etter
Når den planlagde terapien er gjennomført, vil vi snakke med deg om behovet for vidare behandling eller oppfølging. Dersom det er behov samarbeider vi med andre om oppfølginga, til dømes poliklinikken, barnevern, PPT, skule og kommunehelsetenesta.
Kontakt
Glasblokkene
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen