Habilitering - Mistanke om demens i målgruppe for habilitering av voksne

I utgreiing av demens hos personar med utviklingshemming er det viktig at endringar vert sett i samanheng med pasienten sine tidlegare kognitive og fysiske funksjonar.  I utgreiinga vert funksjonsfall og moglege årsaker til dette kartlagt.

Personar med utviklingshemming kan ha noko høgare risiko for å utvikle demens. I tillegg ser ein auka førekomst på grunn av auka levealder og auka merksemd på demens i denne gruppa. Personar med Downs syndrom er spesielt utsette for å utvikla Alzheimers demens frå ca. 50 års alder.

Kjenneteikn for demens kan være vanskar med minne, merksemd, konsentrasjon, språk, problemløysing, initiativ, trøyttleik, tempo, orienteringsevne eller humørsvingingar. Hos personar med utviklingshemming er ofte dei fyrste symptoma reduksjon i daglege ferdigheiter og nedsett orienteringsevne. Hos personar med Down syndrom kan nyleg oppstått epilepsi også være eit tidleg teikn. 

Nærpersonar som følgjer opp personar med utviklingshemming, har ei viktig rolle med å oppdaga endringar og teikn på funksjonsfall. Årleg kartlegging med kartleggingsverktøyet "Tidlige tegn - funksjonsfall og sykdom" er tilrådd for å fanga opp endringar over tid. Slik kartlegging bør første gang gjerast ved 30 års-alder for personar med Down syndrom, med årleg oppfølging frå 40 års-alder.  For andre med utviklingshemming tilrår vi slik baseline-undersøking av ferdigheiter og kognitiv funksjon når personen er mellom 40 og 50 år. 

Ved funksjonsfall og mistanke om demens bør du saman med nærpersonar bestilla time hos fastlege. Det er viktig at fastlegen din får opplysningar som kan leggjast ved tilvising til Habiliteringstenesta.

Personar med utviklingshemming med mistanke om demens skal som hovudregel utgreiast i spesialisthelsetenesta, fortrinnsvis i Habiliteringstenesta. (Jfr. Helsedirektoratet: Nasjonal faglig retningslinje for demens Kap. 7)

Det er viktig at det kjem fram opplysingar om: 

  • Somatisk og psykisk helse
  • Viktige miljøfaktorar som kan ha betyding (til dømes dødsfall/alvorleg sjukdom i familie, tap av relasjonar, endring i livssituasjon).
  • Beskriving av endring i funksjonsnivå
  • Klinisk status og blodprøvar som hos andre personar med mistanke om demens. 
  • EKG og MR/CT av hjerne om dette let seg gjera utan narkose.
  • Medikamentbruk
  • Evt sansetap/hjelpemiddel
  • Kontaktinformasjon til samarbeidspersonar

Les mer i Prioriteringsveileder - Habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten 

 

Tilvising til Habiliteringsavdelinga for vaksne i Helse Bergen

Ved mistanke om demens hos ein person med utviklingshemming bør tilvising sendast frå spesialisthelsetenesta, lege eller andre med tilvisingsrett til Habiliteringstenesta for vaksne.

Habiliteringstenesta kartlegg moglege årsakar til funksjonsfall, og dersom demens er sannsynleg, vil vidare diagnostisering og ev. oppstart av behandling skje ved Geriatrisk poliklinikk, Haraldsplass Diakonale Sykehus

Frå Habiliteringstenesta mottar tilvising til den har blitt vurdert, tek det inntil 10 arbeidsdagar. På grunn av postgang til og frå kan det gå 3–4 veker før pasient og tilvisar mottar svarbrev.

Dersom helsehjelp blir innvilga, står det i brevet kva type helsehjelp som vil bli gitt, tid for fyrste time og namn på ansvarleg fagperson. Det kan ta inntil 12 veker til vi kan starte med helsehjelpa vi tilbyr.

Dersom vi vurderer at pasienten ikkje er i vår målgruppe, vil tilvisinga bli avvist eller sendt vidare til annan avdeling i spesialisthelsetenesta. Ved avvising vil vi gi råd om rett instans i svarbrevet.

Les meir om tilvising til Habiliteringsavdelinga for vaksne i Helse Bergen

Tilvising kan sendast elektronisk eller pr. post til:

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Habiliteringsavdelinga for vaksne
Postboks 1400
5021 Bergen

Les meir om tilbodet ved mistanke om demens ved Habiliteringstenesta for vaksne i Helse Bergen

Før

Det kan vera komplisert å skilja symptom ved demens frå andre tilstandar som t.d. psykiske lidingar og åtferdsendringar som kan skuldast tilhøve i miljøet. Vi kartlegg funksjonsfall og moglege årsaker til dette.

Kartlegging blir hovudsakleg gjort gjennom intervju av nærpersonar og observasjonar i heimemiljø eller på arbeidsplass. Det er viktig at informantane har kjent deg over lengre tid. 

Habiliteringstenesta startar opp arbeidet med heimebesøk hos pasienten og gjennomfører samtalar og kartlegging både med pasient og personar som har nære relasjonar til pasienten. Det kan òg vera aktuelt med nokre avtalar i våre lokaler i Olav Bjordalsveg 29 i Bergen. Resultatet blir drøfta i tverrfagleg team med psykolog og overlege til stades. Dersom det kjem fram tilleggsproblematikk, kan det være aktuelt med diagnostikk på andre områder. Det kan også vera aktuelt at psykolog deltar i utgreiinga. Ved mogleg demens møter lege frå Habiliteringstenesta pasienten og personar i nær relasjon til vedkomande. Lege konkluderar når det gjeld diagnose og vidare tiltak.

Ved sannsynleg demens er vidare tilvising til Geriatrisk poliklinikk, Haraldsplass Diakonale Sykehus aktuelt. Dersom demens blir avkrefta, blir demensutgreiinga avslutta. Dersom vi har funne ei anna sannsynleg forklaring på funksjonsfallet, vurderer vi aktuelle tiltak.

Ved usikker konklusjon vil Habiliteringstenesta ta nye testar etter ½ år for å vurdera om det ligg føre eit fall i funksjon som kan gi mistanke om utvikling av demens.

Vanleg utgreiingstid er frå 2 til 8 månadar.

Under

Det er ei utfordring at testar som vanlegvis blir nytta ved diagnostikk av demens i allmennpraksis, oftast er ueigna hos personar med utviklingshemming. I Habiliteringstenesta si utgreiing blir det nytta verktøy som er tilpassa denne målgruppa. Vi kartlegg kognitive funksjonar, funksjonar i dagleglivet og om det har skjedd endringar i seinare tid. Vi gjer også kartlegging av psykisk helse.

Dersom konklusjonen frå vårt diagnostiske arbeid er sannsynleg demens, blir medikamentell behandling vurdert. 

På bakgrunn av gjennomført kartlegging gir vi råd om tilrettelegging i bustad og andre tilbod, i samarbeid med kommunale tenester. 
Habiliteringstenesta for vaksne har ein samarbeidsavtale med Geriatrisk poliklinikk, Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Utgreiing av pasienten ved Geriatrisk poliklinikk gjerast i eit tverrfaglig samarbeid på poliklinikken. I nokre tilfelle gjerast heimebesøk. Legen vil setje endeleg diagnose og vurdera om pasienten bør få medikamentell behandling. Det gis råd til pasient/nærpersonar.

Ved Haraldsplass vil det vere ambulant team i Koordinerande eining som samhandlar med kommunale tenester etter at demensdiagnose er sett. Spesialisthelsetenesta vil ofte melda behov for Individuell plan og koordinator til kommunen. I arbeidet med Individuell plan vil pasient og pårørande saman med representantar frå hjelpeapparatet planleggja korleis hjelpetilbodet skal vera framover.

Etter

Etter avslutta forløp i spesialisthelsetenesta vert ansvaret for vidare oppfølging overført til fastlege og kommunale tenester. 

Ved nye behov eller dersom det vert aktuelt å vurdere tiltak som gjelder bruk av tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9, kan ny tilvising sendast til Habilteringstenesta. 

Kontakt

Olav Bjordals veg 29, Breistein Habiliterings­avdelinga for vaksne

Kontakt Habiliterings­avdelinga for vaksne

Oppmøtestad

Vær merksam på at vi 26. mars 2020 flytta poliklinikken til Olav Bjordals veg 29 på Breisten.

Foto:Breistein

Olav Bjordals veg 29, Breistein

Olav Bjordals veg 29

5111 Breistein

Transport

​Frå Bergen sentrum/Nordhordland:

Kjør E 39.

Avkjørsel i lyskryss ved Shell stasjon på Haukås, Fv 567 mot Breistein.

Kjør 550 m og sving til venstre, inn på Olav Bjordals veg.

Kjør 100 m og sving til høyre, inn til Olav Bjordals veg 29.

Buss nr. 37 Breistein går frå Åsane Terminal til Breistein.
Den stopper i Breisteinvegen – Busstopp Vestlandsheimen
Det er 450 meter å gå til Olav Bjordals veg 29. Sjå kart.

Finn reisetider på Skyss.no, Skyss App på mobil eller ring Skyss på telefon 55 55 90 70.

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering hos oss.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.