Utgreiinga har til hensikt å utelukke sjukdommar eller tilstandar som kan gi hovudverk.
Hovudverk hos barn, og spesielt ungdom, er eit vanleg symptom, og dette er sjeldan uttrykk for sjukdom. Hos dei aller fleste henger hovudverken saman med infeksjonar, vanar som for lite søvn, stress, for lite regelmessig og næringsrik mat og drikke, for lite væskeinntak eller ubalanse mellom trening og kvile.
Dei fleste barn og unge som rapporterer hovudverk har tensjonshovudpine. Det er ikkje lett å beskrive kor denne hovudverken sit (han kan sitte over heile hovudet), han er mild-moderat i styrke, og blir ikkje forverra ved aktivitet. Barn og unge med denne typen hovudverk kan bli vare for lyd og lys, men har vanlegvis ikkje oppkast, kvalme eller aurafenomen. Aurafenomen er symptom som kan komme før ein får hovudverk, for eksempel at ein oppfattar blinkande lys, at område i synsfeltet kan oppfattast uklare eller falle bort, øyresus, nomenheit i ein del av kroppen eller taleproblem.
Ei lita gruppe kan ha migrene. Dette er hovudverk som kan sitte på begge sider eller ei side av hovudet, hovudverken er ofte bankande. Nokon har symptom (aura) som kjem før hovudverken. Nokon kan bli lyd og lyssky, få kvalme eller oppkast. Smertene blir beskrivne som moderat-intens kvalitet. Ein kan ha eit blandingsbilde av begge typar hovudverk.
Dersom ein ofte tar smertestillande medisinar, kan ein utvikle medikamentutløyst hovudverk. Det vil seie at langvarig og hyppig bruk av smertestillande medisinar kan utløyse hovudverk hos nokon. Behandlinga av denne typen hovudverk er å slutte med medisinar. Hovudverken blir i slike tilfelle ofte verre før han blir betre.
Hovudverk er ein vanleg tilstand hos barn og ungdom. Den blir delt generelt inn i primære hovudverkar (tensjonshovudpine og migrene) og sekundære hovudverkar. Som regel treng ikkje barn og ungdom med hovudverk utgreiing i spesialisthelsetenesta.
Utgreiinga har til hensikt å utelukke sjukdommar eller tilstandar som kan gi hovudverk.
Livsstilstiltak er førebyggande mot hovudverk. Uvanar kan også utløyse eller forverre hovudverk.
Dei aller viktigaste tiltaka for å førebygge hovudverk er trivsel, nok søvn
på rett tidspunkt, jamleg matinntak, nok rett drikke (ikkje mykje koffein eller energidrikker), nok fysisk aktivitet og frisk luft, ikkje for mykje skjermtid. Det er også viktig å unngå for høgt forbruk av smertestillande medisinar, dette kan også gi hovudverk. I tillegg finst det nokon smertelindrande medisinar ein kan prøve ved behov, det kan fastlege gi råd om.
Søvnbehov
6-13 år: 9-11 timar kvar natt
14-17 år: 8-10 timar kvar natt
Mat
Spis cirka kvar 3./4.time
Drikke
Behov for drikke er basert på vekt
Skjermbruk
Ta bevisste "hjernepausar"
Fysisk aktivitet
1 time dagleg – følg generelle helseoppfordringar
Psykososiale faktorar
Mistrivsel og stress kan utløyse og forverre hovudverk
Vi anbefaler deg å føre hovudverkdagbok. Dagboka er nyttig for deg og fastlegen når de saman vurderer kva som kan hjelpe deg best. Dette er eit enkelt verktøy som hjelper deg og legen din med å finne ut kva som påverkar hovudverken, og korleis ulike tiltak verkar. I ei hovudverkdagbok skriv du ned:
Viss hovudverken fortset å vere plagsam eller blir verre, er det viktig å seie frå til fastlegen.
Dei fleste hovudverkar blir betra med rette tiltak, men dette kan ta tid.
Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje, er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.
Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Haukelandsbakken 1
5021 Bergen