Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akutt behandling i trykkammer

Hyperbar oksygenbehandling, akutt dykkarsjuke

Her finn du informasjon om akuttbehandling av dykkeskadar og akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) av trykkfallsjuke.

Ved dykkarulykke, ring 113 og be om næraste dykkarlege.

Om du har milde symptom eller om du har bekymring eller spørsmål etter dykk, ønsker vi å bli kontakta om dette òg. Ring 113 og be om næraste dykkarlege. Du blokkerer ikkje «meir akutte» førespurnader.

Gi tydeleg beskjed om dykkarulykke

AMK-sentralane har spesifikke prosedyrar som beskriv vidare oppfølging.

Det finst fleire akutte tilstandar som kan komme av dykking, og det er viktig å kjenne til dei vanlegaste symptoma.

Ved trykkfallssjuke oppstår det skadar på grunn av gassovermetting. Dette skjer når det blir danna gassbobler i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skiljast ut via lungene ved for rask oppstigning. Desse bobla blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ei rekke biokjemiske prosessar som kan føre til helseskade.

Kva er eigentleg symptoma på trykkfallssjuke?

Symptoma ved trykkfallssjuke er så varierte og mange at det blir for omfattande å liste opp alle, men etter erfaringa vår er dette dei vanlegaste:

  • unormal trøyttleik
  • hovudverk
  • nomenheit, prikking eller stikking i bein eller armar
  • kraftsvekking i bein eller armar
  • svimmelheit
  • leddsmerter (typisk i store ledd, vanlegvis berre på éi side, blir ikkje forverra av rørsle, blir lindra ved å halde leddet i halvbøygd stilling)
  • kløe i huda, eventuelt med utslett

Ver merksam på at lista på ingen måte er fullstendig. Spesielt kan trykkfallssjuke som rammar nervesystemet (ryggmerg og hjerne) gi ei rekke andre symptom.

Hovudregelen er: Er du i tvil, så er det ingen tvil – kontakt lege!

Vi har døgnkontinuerleg dykkemedisinsk vaktberedskap. Kontakt oss via AMK-sentralen – telefon 113.

Om pasienten ikkje er vaken, sørg for frie luftvegar og sjekk om pasienten pustar normalt. Om ikkje: Start hjarte-lungeredning.

Oksygen

Gi 100 % oksygen kontinuerleg.

Leie

Plasser pasienten i ei behageleg stilling.

Drikke

Vakne pasientar bør få rikeleg med klar drikke. Unngå kaffi, te og alkohol.

Pasienten skal ikkje røyke.

For meir informasjon, sjå brosjyren Dykkeskadeplakaten_2024 (pdf)

Tiltak ved utelaten dekompresjon og ukontrollert oppstigning

Dersom dykkaren har overskride dykketabellen eller dykkekomputeren (utelate dekompresjon) utan å få symptom:
Følg oppfordringane i dykketabellane, og kontakt oss via AMK-sentralen – telefon 113.

På generelt grunnlag skil ein gjerne mellom to hovudgrupper dykkeskadar baserte på årsaksmekanismen.

Se Dykkeskadeplakaten_2024 (pdf)

1. Barotraume

Dette er skadar som kjem av volumendringar av gass i det luftfylte holrommet til kroppen, og kan forårsake direkte skade – hyppigast i biholer, øyre og lunger. Dette skjer som oftast ved rask ned- eller oppstigning.

2. Trykkfallssjuke

Skadar forårsaka av gassovermetting. Gassbobler blir danna i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skiljast ut via lungene ved for rask oppstigning. Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ei rekke biokjemiske prosessar som kan føre til helseskade.

Risikofaktorar

Ved rask eller ukontrollert oppstigning på grunn av utstyrsfeil eller panikk, kan det lett oppstå barotraume (lungesprenging om ein har halde pusten under oppstigning) og trykkfallssjuke. Nærdrukning kan også førekomme.

Andre risikofaktorar inkluderer:
  • redusert allmenntilstand før dykk (sjukdom/bakrus)
  • manglande dekompresjonstid
  • maksimal utnytting av dykketabell
  • gjentatte dykk same dag eller dei etterfølgande dagane
  • ugunstig dykkeprofil (jojo-dykk)
  • tidlegare trykkfallssjuke
  • anstrengande dykk
  • dykking i kaldt vatn
  • alder over 45 år, overvekt
  • manglande opplæring / sviktande sikkerheitsrutinar
  • fysisk aktivitet etter dykk
  • flyreiser/høgdeturar kort tid etter dykk
  • røyking
  • inntak av kaffi/te/alkohol (vassdrivande)

Diagnose

Rask og korrekt diagnose er avgjerande. Invalidiserande trykkfallssjuke kan oppstå raskt eller gradvis dei første timane etter dykk. Dersom det har gått meir enn 24 timar sidan siste dykk før symptoma oppstår, er det mindre sannsynleg at dei kjem av trykkfallssjuke.

Trykkfallssjuke kan likne akutte nevrologiske sjukdommar, med progredierande, ofte flekkvise parestesier, smerter i store ledd, paresar, paralyse, svimmelheit eller ustøheit. Røntgen eller annan bildediagnostikk har liten plass i den initiale utgreiinga (unnatatt ved mistanke om lungeskade), men kan utelukke annan patologi.

Det viktigaste er å få ein grundig anamnese med nøyaktig tidspunkt for symptomdebut i relasjon til dykket, og dessutan ei god nevrologisk vurdering med tanke på sensibilitet, kraft, hurtigheit, koordinasjon og balanse.

Dersom pasienten har dykka siste døgn, bør diagnosen trykkfallssjuke eller barotraume vurderast inntil dette er avkrefta i samråd med dykkekunnig lege.

Tabellen under gir ei oversikt over ulike symptom på dykkrelaterte sjukdommar og moglege differensialdiagnosar.

Oversikt over ulike symptom på dykkrelaterte sjukdommar og moglege differensialdiagnosar
Symptom / funn Dykkerelatert sjukdom Andre årsaker
Parestesier Trykkfallssyke (TFS) Stram drakt / hanskar / selar
Smerte i store ledd TFS Belastningsskader
Smerter i øyret Barotraume Infeksjon
Smerter i biholer Barotraume Infeksjon
Hodepine TFS CO₂-retensjon, tensjonshovudpine
Kraftsvekking TFS  
Uttalt trøyttleik TFS Fysisk utmatting
Svimmelheit TFS Barotraume med trommehinneperforasjon
    Alternobar vertigo, otolittstein
Hudkløe, marmorering TFS Hudliding
Tung pust TFS Nærdrukning, barotraume
Hoste TFS Nærdrukning, barotraume
Kvalme TFS Sjøgang, forureina gass

Primærbehandling

Bevisstlause pasientar skal få vanleg førstehjelp med sikring av frie luftvegar og adekvat ventilasjon. Pustar pasienten sjølv, skal det givast 100 % oksygen med tettmaske og reservoar så raskt som mogleg. Gasstraumen bør vere minst 10 liter per minutt. Ved redusert bevisstheit blir pasienten lagd i stabilt sideleie.

Vidare behandling

  • Veneflon i stor vene
  • Infusjon med Ringer Acetat eller NaCl 0,9 % – 1000 ml per time til pasienten er godt hydrert / har godt diurese
  • Rikeleg med drikke dersom pasienten er vaken, men unngå vassdrivande væsker som kaffi, te eller alkohol
  • Ved kramper: Gi diazepam 5–10 mg intravenøst eller 10–20 mg rektalt
  • Ved smerter: Kan gi paracetamol 1000 mg
  • Nøye overvaking før og under transport

Spørsmål om medisinske kvalifikasjonar til å dykke skal rettast til undervassbåt-/dykkarlegeavdelinga på Haakonsvern på telefon 55502159 / 55502160.

Før

Melding om og vurdering av behov for trykkammerbehandling

Ring 113 og be om å få kontakt med næraste dykkarlege.

Sørg for å ha gjennomført ei klinisk undersøking av pasienten, inkludert ei orienterande nevrologisk undersøking, og dessutan innhenta relevante anamnestiske opplysningar.

Transport

Transportmåte og prioritet blir avgjord i samråd med dykkarlege. Dersom det ligg sentralnervøse symptom føre, er det viktig med rask transport til næraste trykkammer med kvalifisert følge. Pasienten skal heile tida puste 100 % oksygen. Ved bruk av helikopter/luftambulanse bør ein ikkje overstige ei maksimal kabinhøgde på 300 meter over havet.

Pasientar med mindre alvorlege symptom skal også til trykkammer, men da er ikkje tidsfaktoren like avgjerande.

Kva opplysningar bør innhentast?

Den viktigaste opplysninga er om pasienten har dykka  dei siste 24 timane. Vidare bør ein spørje om:

  • Var pasienten i god form før dykket?
  • Dato og klokkeslett for når dykket starta?
  • Kor djupt og kor lenge varte dykket?
  • Korleis var dykkeforholda? Kaldt? Anstrengande?
  • Var det problem med trykkutlikning?
  • Blei det dykka etter norske dykke- og behandlingstabellar eller etter computer? Varsling frå computer?
  • Når oppstod dei første symptoma – under nedstigning, på botnen, under oppstigning eller etter dykket?
  • Korleis utvikla symptoma seg seinare?

Dykkelogg, djupnemålar og eventuelt dykkecomputer bør følge med pasienten til trykkammeret om mogleg.

NB! Undersøk alltid meddykkar, som også skal følge med til trykkammeret dersom vedkommande har symptom eller har overskride tabellen.

Ved alvorlege ulykker er det viktig at utstyret blir tatt vare på og blir sendt til Høgskulen på Vestlandet, Dykkerutdanninga, for undersøking.

Norges dykkeforbund har ein ulykkeskommisjon som går gjennom sportsdykkarulykker, mens yrkesdykkarulykker skal meldast til Arbeidstilsynet.

Generelt om akuttbehandling i trykkammer / andre dykkeskadar

Dykking kan føre til akutte tilstandar som krev korrekt behandling for å redusere risikoen for livstruande eller varige skadar. Eksempel på slike tilstandar kan vere:

  • akutt svimmelheit, hovudverk
  • tung pust
  • nærdrukning, immersjonslungeødem
  • forgifting eller biverknader av pustegassen
  • nedkjøling
  • fysiske skadar
    • muskel- og skjelettskadar, belastningsskadar
  • trykkskadar
  • øyre-nase-hals-sjukdommar, skadar og problem
  • hudutslett og anna
  • mentale endringar
    • psykiske skadar og traume etter nestenulykker osv.
  • trøyttleik
  • mentale endringar sekundære til andre tilstandar
En person i en trykkkammer

Foto: Helse Bergen

Dykkarar blir behandla i det store fleirmannstrykkammeret.

Ved spørsmål eller all tvil om akutte tilstandar:

  • Kontakt dykkarlege. Vi har dykkemedisinsk vaktberedskap heile døgnet.
  • Kontakt oss via AMK-sentralen – telefon 113.

Behandling av dykkarar

Dykkarar blir behandla i det store fleirmannstrykkammeret. Første behandling av trykkfallsjuke varer i fem timar, og startar med tre oksygenperiodar på 20 minutt på eit trykk tilsvarande 18 meter sjøvatn (msw). Deretter følger langsam dekompresjon med oksygenpusting i ein halvtime til 9 msw. Her gir ein seks oksygenperiodar på 20 minutt før vidare dekompresjon til overflatetrykk under oksygenpusting. Denne dekompresjonen tar også 30 minutt.

Mellom kvar oksygenperiode blir det pusta luft i 5 minutt for å redusere biverknader av oksygen. Dykkaren får premedikasjon med 5 mg Valium for å førebygge oksygenutløyste kramper. Dykkaren kan sjå film i trykkammeret for å gjere behandlinga mindre kjedeleg.

Etterbehandling

Når behandlinga er ferdig, blir dykkaren innlagd på nevrologisk avdeling. I dagane etter blir det vurdert om vedkommande har restsymptom som krev fleire behandlingar i trykkammer. Desse behandlingane går føre seg enten i eittmanns- eller fleirmannskammer og varer i berre to timar. Dykkaren pustar da oksygen i tre halvtimar på 14 msw, med fem minutts luftpusting mellom oksygenperiodane.

Når symptoma har gått tilbake, eller behandlinga ikkje lenger gir betring, blir trykkammerbehandlinga avslutta og dykkaren kan skrivast ut frå sjukehuset. Dykkaren får dykkeforbod i éi veke til tre månader, avhengig av kva organ som er ramma.

Etterkontroll

  • Yrkesdykkarar blir kalla inn til etterundersøking ved Nasjonal behandlingsteneste for utgreiing av skadde yrkesdykkarar.
  • Fritidsdykkarar med alvorlege symptom blir kalla inn til etterundersøking ved seksjon for hyperbarmedisin.  

Etter

Yrkesdykkarar og pasientar med følgetilstandar etter trykkfallsjuke vil bli etterundersøkte ved seksjon for hyperbarmedisin eller nasjonal behandlingsteneste for utgreiing av skadde yrkesdykkarar.

Sist faglig oppdatert 06.06.2025

Kontakt

Konrad Birkhaugs hus Hyperbarmedisin, seksjon for

Kontakt Hyperbarmedisin, seksjon for

Oppmøtestad

Vi held til i Konrad Birkhaugs hus, sør for Sentralblokka på haukelandsområdet. Trykkammeranlegget ligg i sørenda av bygget, og det står «Trykkammer» på skiltet over inngangsdøra. Det er også mogleg å gå via undergongar frå pasienthotellet til trykkammeret.
En eldre, hvit murbygning

Konrad Birkhaugs hus

Jonas Lies vei 79

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.