I forkant av innlegging til sjølve operasjonen på sjukehuset, vil barnet bli kalla inn til ei forundersøking. Forundersøkinga hos spesialist vil bestå av samtale med forelder og undersøking av barnet. Spesialisten vil vurdere om barnet treng operasjon.
Førebuingar før ein operasjon
Operasjonen blir utført i narkose. Barnet må derfor vere fastande som avtalt. Operasjonen kan bli utsett eller avlyst om barnet ikkje er fastande.
Nokre barn skal ha klyster (microlax) dagen før operasjon. Dette vil det bli gitt beskjed om av legen på førehand.
