Behandling
Illegale rusmidler
Når rusmiddelbruken har komme ut av kontroll, og du har utvikla ein avhengnad, vil ein vesentleg del av behandlinga vere å få kontroll over impulsar til å ruse deg, uansett årsak. Å slutte å bruke rusmiddel kan vere ein krevjande prosess og det er god hjelp i støttande relasjonar frå behandlar og/eller familie og nettverk. Nokon vil ha nytte av poliklinisk behandling, mens andre treng døgninnlegging.
Før
Når du har fått innkalling til første samtale er det fint om du forbereder deg, gjerne i samarbeid med tilvisar eller pårørande. Det kan vere ting du vil utdjupe, spørsmål du har, eller du ønsker å legge til opplysningar som ikkje er skreve i tilvisinga. Noter gjerne ned på ei liste så du husker alt.
Under
På poliklinikken vil vi starte kartlegging og utgreiing i samarbeid med deg for å avklare ditt behandlingsbehov og -mål. Saman med deg vil vi snakke om rusmiddelbruk, psykisk helse og somatisk helse – inkludert eventuelt tannhelse og ernæring. Vi ønsker også å danne oss eit godt bilete av din sosiale situasjon og korleis du har det og fungerer i kvardagen med skole/jobb, økonomi og familieforhold. Alt samla vil danne grunnlag for din behandlingsplan.
Det kan vere aktuelt at dine pårørande blir involvert, dersom du ønsker det. Vi ønsker også å etablere eit godt samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar i din kommune/bydel.
Du kan lese meir om kartlegging og utgreiing i rusbehandling i den nasjonale retningslinja.
Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtaler og eventuelt gruppebehandling og par- og familiesamtaler.
Behandlaren din vil som regel ha ansvaret for å legge til rette for eventuell døgninnlegging. Ved behov for døgnbehandling vil du bli tilvist videre til ein døgninstitusjon som tar imot pasientar til behandling for alkoholavhengigheit. Det kan vere du vil ha behov for opphald på ein eining for avrusning før behandlinga.
Under ei døgninnlegging oppheld du deg på institusjonen. Det er mange ulike avdelingar og institusjonar, og du kan lese meir på helsenorge.no og avdelinga/institusjonen heimeside. Personalet er tverrfagleg samansett, og du vil få oppfølging av miljøterapeutar, psykologar og legar.
Ttilbodet der kan blant anna bestå av miljøterapi, individuelle samtaler og eltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. Etter døgnopphaldet er det vanleg å få tilbod om poliklinisk oppfølging ein periode.
For å få ei heilskapleg og trygg oppfølging får du tilbod om ein individuell plan og ei ansvarsgruppe gjennom heile behandlingsforløpet og etter at du er utskriven frå spesialisthelsetenesta. Både ved poliklinisk behandlingstilbod og ved døgninnlegging har vi eigen barneansvarleg som ein ressurs for barn som er involvert.
Etter
Etter behandling ved poliklinikk eller opphald i ein døgninstitusjon overtar det lokale hjelpeapparatet, det vil seie fastlege og kommune. Før du blir utskriven frå døgnbehandling, vil vi ha møte og samtaler med ditt lokale hjelpeapparat. Ved utskriving mottar du og behandlaren din eit avslutningsbrev som er ei oppsummering av opphaldet og ei anbefaling av vidare tiltak.
Når du er ferdig med opphaldet i døgnavdelinga, overtar poliklinikken og den polikliniske behandlaren oppfølginga dersom du ønsker det.
Kontakt
Dr. Martens, Sandviken
Rusmedisin AFR
Kontakt Rusmedisin AFR
Dr. Martens, Sandviken
Hatleveien 7D
Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Floen, Manger, Nordhordland
Toskavegen 400
5936 Manger
Haugane 8, Askøy
Haugane 8
5307 Ask
Kanalveien 5
Kanalveien 5
5068 Bergen
Møllendalsveien 31
LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen
Nye Sandviksveien 84
Nye Sandviksveien 84
5032 Bergen
Tertnesveien 35
Tertnesveien 35
5113 Tertnes
Østre Murallmenningen 7
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen