Lekeobservasjon
Leikeobservasjon blir brukt for å utforske korleis eit barn opplever verda. Gjennom leik og i kontakt med ein terapeut formidlar barn følelsar, viser evne til å stå i kontakt og lar viktige tema styre leiken. Ein får vite meir om tilpassings‐ og meistringsstilen til barnet. Denne informasjonen bidrar til diagnostisk forståing samt forståing av individuelle psykiske mekanismar som kan vere sentrale i behandlingssamanheng.
Terapeuten leikar saman med barnet og observerer korleis barnet forheld seg i leiken. Foreldra er som oftast ikkje med inn i leikerommet.
Tilvising og vurdering
For å få innlegging i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen, helsestasjon eller legevakt er dei som i hovudsak tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil då avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
BUP vil gjere eit forarbeid der bakgrunn for, rammer rundt og forventingar til utgreiinga blir avklart med dei føresette til barnet. Barnet blir gitt ei alderstilpassa orientering om dette.
Under
Etter
Kontakt
Glasblokkene
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen