Morsmelkgiver
Pasientar på nyfødt intensiv-avdelingar er sjuke nyfødde og for tidleg fødde barn. For desse barna er morsmjølk det aller beste ernæringsgrunnlaget. Morsmjølka er unikt tilpassa det nyfødde barnets stoffskifte og tarm.
Som morsmjølkgivar må du:
- Ha lyst til å gjere ein ekstra innsats
- Vere frisk
- Ikkje røyke eller snuse
- Ikkje ha alkohol i kroppen (har du drukke alkohol, må du vente til du ikkje har alkohol i kroppen før du kan pumpe til mjølkebanken)
- Avgrense bruk av koffeinhaldige drikkar, som kaffi, cola og annan brus.
- Ikkje vere fast brukar av medikament eller naturlegemiddel
- Ikkje ha fått tatovering eller piercing dei siste seks månadene
- Når du har kome godt igang med mjølkeproduksjonen.
- Ha meir mjølk enn ditt eige barn treng
Tilvising og vurdering
Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å gi morsmjølk. Ta direkte kontakt med din nærmaste morsmjølkbank.
Før
Under

Kvar dråpe er gull verd.
Etter
Reingjering:
Ta utstyret frå kvarandre, vask og skyl under rennande vatn, og kok det i kjele i omtrent fem minutt. Legg det deretter til tørk i eit reint handkle. Tøm mjølka direkte over i boksane og sett på lokket. Dei skal fyllast opp til det er 2–3 cm igjen.
Avansert heimesjukehus (AHS) kan hente morsmjølk heime hos donor etter avtale.
I Bergen kommune og omegnskommunenen har Mjølkebanken avtale med Avansert heimesjukehus (AHS) om at dei kan hente morsmjølk heime hos donor og ta med til mjølkebanken, på dagar og tider der AHS er i nærleiken.
- Dette må avtalast med Avansert heimesjukehus på førehand, på tlf. 469 59 878
- Mjølkebanken har også avtale med Helseekspressen frå Haugesund til Haukeland om at den kan ta med morsmjølk der dette er aktuelt. Mjølka må då leverast på eitt av stoppa bussen har.
- Sjå rutetider og stoppestader
- Bor du andre plassser i Vestland har vi ordninger for transport av morsmelk til sjukehuset. Ta kontakt for å gjøre avtaler.
Kontaktinformasjon til Mjølkebanken ved Barne- og ungdomsklinikken
Telefon: 41 86 98 26
E-post: melkebanken@helse-bergen.no
