Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personlighetsforstyrrelser, voksne

Personlegdom er vår stabile og karakteristiske måte å tenke, kjenne og handle på. Personlegdomsforstyrring er når ein har personlegdomstrekk som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen og skaper problem i forholdet til andre menneske.

Kjenneteikn

Personlegdomsforstyrringar kan medføre vanskar med sjølvkjensle, identitet og regulering av kjensler. Dei kan gjere det meir krevjande å fungere saman med andre, knyte seg til andre menneske og forstå andre sin situasjon.

Eksempel på personlegdomsforstyrringar er

  • å vere prega av kjenslemessig ustabilitet, mistenksamheit eller avhengnad
  • å vere unnvikande eller tvangsprega
  • å ha ei blanding av ulike hemmande personlegdomstrekk, som gjer fleksibel tilpassing i nære relasjonar vanskeleg.

Personlegdomsforstyrringar kan medføre at ein blir rigid og får vanskar med å omstille seg til skiftande krav frå omgivnadene. Ikkje minst kan det bli krevjande å tilpasse seg endringar i nære forhold til andre menneske. Det fører til at personen strevar og har det vanskeleg i livet sitt. Konsekvensane av personlegdomsforstyrringa kan altså bli svært plagsame, både for personen sjølv og for omgivnadene, avhengig av alvorsgrada.

Nokre personar med personlegdomsforstyrringar kan i tillegg ha problem med tilbakevendande depresjonar, angstlidingar, ADHD, spiseforstyrringar eller rusmiddelproblem.

For menneske med personlegdomsforstyrringar, som for oss alle, vil kriser eller andre belastande livshendingar ofte framheve ulike personlegdomstrekk som kan skape vanskar for oss sjølve og i relasjonar til andre.

Diagnosen personlegdomsforstyrring gir innsikt i kva problem du kan ha og er ofte nyttig for å få tilpassa og god behandling. Samtidig seier ein slik diagnose i seg sjølv lite om kven du er som menneske. Alle menneske er unike individ.

Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi over lengre tid. Det finst fleire behandlingstilbod som kan vere til hjelp.  

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren Psykisk helsevern for vaksne, vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Utgreiing

For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema og plager du søker hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatte på alvor.

Utgreiinga består av samtale med behandlar der følgande punkt er sentrale:

  • Varigheita, styrken og omfanget av plagene, og i kva situasjonar dei oppstår
  • Moglege samanhengar mellom plagene, eventuelle traumatiske hendingar i oppveksten og belastningar i nåverande livssituasjon
  • Symptom på anna psykisk liding, for eksempel depresjon og angstlidingar
  • Tidlegare psykiske lidingar og behandling
  • Bruk av medikament
  • Bruk av rusmiddel
  • Grad av fysisk aktivitet
  • Problem i privatliv, studiar eller arbeid
  • Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har barn og om dei har spesielle behov nå som bør varetakast

Det vanlegaste ved utgreiing av personlegdomsforstyrringar er bruk av eit systematisk diagnostisk intervju (ofte ved eit kartleggingsverktøy som blir kalla SCID-5-PF). Her blir ulike personlegdomstrekk kartlagde og typiske handlingsmønster. Etter intervjuet skal du få informasjon om resultatet. Saman med intervju skal du kunne ta stilling til kva personlegdomstrekk som eventuelt skaper mest problem for deg.

På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Ut frå kva plager du har og omfanga deira, utløysande årsaker og forhold som held problema ved like, blir de i fellesskap einige om ein behandlingsplan.

Behandling

Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få eit best mogleg utbytte. Saman blir de einige om mål for behandlinga. Du skal få informasjon om kva ei personlegdomsforstyrring er og korleis behandlinga er tenkt å hjelpe. Du skal kjenne deg godt informert og involvert i heile behandlingsforløpet. Pårørande dine kan gjerne involverast, for å få informasjon og for å vere ein ressurs i behandlinga.

Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi, der også ein kombinasjon av individuelle samtalar og gruppebehandling kan vere aktuelt. Behandlinga bør leggast til rette for den typen personlegdomsvanskar du strevar med. I terapien får du støtte til å utforske og forstå samanhengen mellom hendingar, kjensler og åtferd.

Også andre hjelpetiltak kan vere aktuelle, som for eksempel hjelp med økonomi og bustad. Av og til må slike tiltak komme tidleg for å kunne konsentrere seg om samtalebehandlinga. Hjelp til arbeid kan også vere aktuelt.

Målet med behandlinga er å redusere plagene dine, auke livskvaliteten din og hjelpe deg til å fungere godt i kvardagen. Behandlinga vektlegg å styrke sjølvkjensl di og tillit til andre. Det vil gjere deg betre i stand til å fungere saman med andre.

Generelt kan ei rekke former for psykoterapi vere til god hjelp ved ulike personlegdomsforstyrringar.

Lidinga kan endre seg over tid. Gamle mytar som «éin gong personlegdomsforstyrring – alltid personlegdomsforstyrring» heng dessverre framleis igjen hos mange. Studiar viser likevel at mange blir betre over tid, og at godt tilrettelagd behandling kan gi enda raskare betring. Spesielt gjeld dette ferdigheiter til å regulere kjensler og forståinga av deg sjølv og andre. Det same gjeld hjelp til å fungere i kvardag, studiar og arbeid, ut frå behova og ønska dine.

Medikamentell behandling

Medikamentell behandling har vanlegvis lita betydning for behandling av sjølve personlegdomsforstyrringa. Dersom du har psykiske tilleggsvanskar, som for eksempel angst, depresjon, ADHD eller psykose, kan medikamentell behandling vere nyttig i kombinasjon med samtalebehandlinga.

Kriseintervensjon

I hovudsak skal behandling av personlegdomsforstyrringar gå føre seg ved at du kjem til ein samtale på ein poliklinikk. Ved akutte kriser kan kortvarig innlegging på ei døgnavdeling i psykisk helsevern vere nødvendig. Behovet for innlegging blir vurdert i samråd med behandlaren din.

Kriseplan

Saman med behandlaren din kan du avtale ein kriseplan. Det er ein plan for meistring og nyttige tiltak i kritiske fasar, med ei beskriving av varselsignal, strakstiltak og kven som bør kontaktast.

Individuell plan

Vi tilbyr hjelp til utarbeiding av ein individuell plan. Den inneheld tiltak og tenester du som pasient har behov for av ulike instansar, rutinar og tidspunkt for evaluering, kven som er ansvarleg for dei ulike tilboda, og kven som skal vere koordinatoren din. Du finn meir informasjon om individuell plan og koordinator på helsenorge.no.

Tilbod til pårørande

Pårørande kan ha behov for informasjon og støtte. Samtalar med vaksne pårørande, i samarbeid med deg, kan vere ein viktig del av behandlingstilbodet ditt. Det same gjeld samtalar om barns situasjon og behov, dersom du har barn.

Barn som er pårørande er ofte i ein sårbar situasjon, og kan ha behov for informasjon. Helsepersonell som behandlar foreldre, har eit spesielt ansvar for å kartlegge situasjonen til barnet. Dersom du har barn, kan du i samtale med behandlaren din saman vurdere om barnet har behov for oppfølging. Du skal dessutan få god informasjon og rettleiing om aktuelle tiltak. Det kan ofte vere aktuelt å samarbeide om korleis samtaler med barn konkret skal leggast opp, kor dei kan få informasjon som er tilpassa dykkar alder og behov på ein trygg og god måte.

Oppfølging

Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete ting du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper.

Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søke faglege råd hos oss. De kan også drøfte moglegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.

Nokon har behov for oppfølging av psykisk helsearbeidar i kommunen, og for mange vil det vere aktuelt med samarbeid med NAV. Behandlaren din ved distriktspsykiatrisk senter kan bidra i dette samarbeidet for å gi ei auka forståing for ressursane dine, problem og behov.

Sist faglig oppdatert 08.06.2023

Kontakt

Glasblokkene Psykisk helsevern

Kontakt Psykisk helsevern

Oppmøtestad

Du blir henvist til spesialisthelsetjenesten via fastlegen. Behandlingen vil vanligvis foregår på ditt lokale Distriktspsykiatriske senter (DPS) . Når du har startet i utredning/behandling, tar du ved behov kontakt med din faste behandler, via ekspedisjon i det DPS'et du tilhører.
Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 Les meir om parkering og prisar her 

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.