Diagnose
Problematisk og skadeleg seksuell åtferd (SSA) hos barn og unge 0–17 år
SSA er ei forkorting for Problematisk og skadeleg seksuell åtferd hos barn og ungdom. Vi kan dele seksuelle handlingar inn i kategoriane: Sunn og god seksuell åtferd, problematisk seksuell åtferd og skadeleg seksuell åtferd (Nice Guidelines, 2016).
Kjenneteikn på SSA
- forskjell på maktforhold/modningsnivå/alder mellom barna (fire år eller meir)
- det er brukt truslar eller tvang
- det ligg ikkje samtykke føre
- åtferda kan vere grei, men situasjonen er feil
- prega av hemmeleghald, planlegging
- åtferda aukar sjølv om ho blir prøvd stoppa
- den som har vorte utsett er prega av negative kjensler som frykt og sinne, eventuelt utagerer eller lukkar seg inne i seg sjølv.
Forsking viser at 30–50 prosent av overgrep mot barn og ungdom, blir gjorde av andre barn/ungdommar. Det er mest vanleg å utsetje nokon ein kjenner for SSA, og for nokon gjeld dette søsken eller andre i familien. Andre gjer SSA mot nokon dei ikkje kjenner frå før, eller bruker teknologi som telefon eller internett til å sende bilete, videoar eller tekst som fornærmar andre. Det er flest gutar som utfører SSA, men også nokre jenter.
Det kan vere ulike årsaker til at barn utfører SSA. For somme er det å eksperimentere med seksualitet, for andre kan det vere å gjenta noko andre har gjort mot dei. Nokon gjer det etter å sett mykje/vorte vist mykje pornografi eller at vaksne har hatt sex framfor barna. For andre er det meir impulsive handlingar som ikkje er planlagde eller har klar årsak.
Å vere utsett for stor belasting/traume kan bety at nokon har utsett deg for fysisk vald, seksuelle overgrep eller kjenslemessig omsorgssvikt. Mange av barna som utfører SSA har traume som kan vere med på å forklare korleis dei oppfører seg mot andre.
Ved mistanke om, eller at det blir påvist at du som barn/ungdom har utført SSA, kan dine føresette drøfte dette med barnevernstenesta eller kommunalt helsetilbod som lege eller helsesjukepleiar. Deretter kan dei drøfte med kommunalt tverrfagleg konsultasjonsteam (TKT) for å finne ut korleis du og andre barn skal vere trygge mot at det skjer igjen. Dei kan også drøfte om saka skal tilvisast til BUP.
Nokre barn har først vore til avhøyr hos Statens Barnehus, andre er allereie i kontakt med barnevernstenesta. Dersom du trur at du har gjort SSA, kan du snakke med ein vaksen du stoler på som kan hjelpe deg vidare, til dømes ein forelder, lærar, helsesjukepleiar eller andre.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen, psykolog eller barnevernsleiar som kan vise deg til spesialisthelsetenesta. Du blir kalla inn til møte med BUP (barne-og ungdomspsykiatrien). Her får du ein kontaktperson/koordinator og behandlingsansvarleg. Det blir sett opp ein plan over kva utgreiinga di skal innehalde. Planen er tilpassa deg og viser kva undersøkingar og samtalar du skal ha i løpet av utgreiingsperioden.
Utredning
Det er vanleg at vi snakkar med deg på sjukehuset, og at du snakkar med psykolog, sosionom, pedagog eller lege. Vi har også samtalar med dine føresette eller personale om du bur på institusjon. Vi samarbeider ofte med skule, barnevernsteneste, helsesjukepleiar, fastlege eller andre som er viktige i behandlinga di.
Utgreiinga skal hjelpe oss å finne rett diagnose, og dermed så rett behandling som mogleg.
Mange barn som utfører SSA har samansette vanskar, og treng hjelp til også andre område enn å slutte med SSA.
Utgreiing kan gjerast gjennom å bruke eit program som heiter «AIM3 Utredning», der vi samlar informasjon frå dei som kjenner deg godt. Denne informasjonen kan hjelpe oss å forstå kva som har ført til hendingane, og kva som er viktig å endre på slik at dei ikkje gjentek seg. I tillegg legg vi stor vekt på det å ha samtalar med deg, slik at vi kan prøve å sjå saka frå di side.
Det er vanleg med spørsmål som handlar om utviklinga di, familien din, miljøet ditt. I tillegg kjem din seksuelle, men også anna regelbrytande åtferd. Vi ser også på om du treng nye strategiar for å styre kjenslene dine. Det er viktig at vi ser både på styrkane dine og bekymringane dine. Dette kan hjelpe oss å saman med deg lage ein plan for kva behandling du skal ha.
Behandling
Nokre barn og ungdom snakkar lett om kva som har skjedd. Andre synest det er skamfullt og vanskeleg å snakke om, og andre igjen nektar for at det har skjedd. Fokus kan då vere på korleis du kan unngå å få slike skuldingar igjen.
Først tek vi utgangspunkt i kva utgreiinga viste at vi bør jobbe med, saman med kva du meiner du treng hjelp til.
Så lagar vi ein behandlingsplan saman med deg som ofte har desse elementa: Kva førte til hendingane, kva har vore konsekvensane av dei, korleis unngå at dei gjentek seg.
Eit overordna mål er ofte at du skal ha ei sunn og god seksualutvikling, og då kan det vere nødvendig å jobbe med til dømes relasjonar, sosiale ferdigheiter, korleis regulere kjensler, behandle traume, og få tilstrekkeleg faktakunnskapar om seksualitet.
Det blir tilrådd at det blir jobba både individuelt med deg som pasient, men også med miljøet rundt deg, som oftast anten er føresette og/eller personale.
Primærbehandling
Kognitiv åtferdsbasert tilnærming med utvida fokus på heilskapleg fungering. AIM Behandlingsrettleiar er eigna for dette.
Sekundærbehandling
Behandlinga kan supplerast med element frå til dømes andre teoretiske tilnærmingar som emosjonsfokusert behandling for barn og ungdom, dialektisk åtferdsterapi og mentaliseringsbasert terapi. Det er viktig at overgrepsspesifikke tema blir inkluderte dersom utgreiinga har indikert behov for endring på det seksuelle området.
For nokre barn og ungdom er det viktig med gjenopprettande prosess. Det betyr at den som har utført SSA og den som har vorte utsett for SSA får hjelp til å snakke saman på ein slik måte at dei begge kan møte på kvarandre på ulike arenaer som skule, fritid og familie utan å bli plaga.
Nokre barn og ungdom har nytte av medikamentell behandling, dei fleste treng ikkje medisinar som ein del av behandlinga si for SSA.
Gruppebehandling kan vere eit tilbod som enkelte poliklinikkar har tilbod om. Forsking viser at best effekt blir oppnådd når gruppebehandling blir kombinert med individuell behandling, og ikkje blir gitt som den einaste behandlingsforma.
Oppfølging
I oppfølginga samanfattar vi og evaluerer behandlinga. Vi gir psykoedukasjon (informasjon og opplæring) til deg og dei som er inne i behandlinga di. Vi skriv eit samandrag (epikrise) og sender til den som har tilvist deg til oss. Fastlegen din har ansvar for vidare oppfølging, i nokre tilfelle saman med barnevernstenesta.
Kontakt
Glasblokkene
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen