Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spiseforstyrringar hos barn og unge - pakkeforløp

Spiseforstyrring er ei fellesnemning for fleire tilstandar med forstyrra spisemønster og med ulik grad av alvor og årsakssamanheng. Dei mest kjente tilstandane er anoreksi, bulimi og overspisingsliding.

Pakkeforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan unødvendig ventetid. I pakkeforløpet legg vi til rette for at du skal få vere med å bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs.

Kva er pakkeforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no

Felles for spiseforstyrringar er ei forstyrra kroppsoppleving med subjektiv oppleving av fedme, og ei sterk drivkraft for å gå ned i vekt.

For barn og unge kan symptom på spiseforstyrring vere annleis enn hos vaksne. Ved mistanke om spiseforstyrringar er det viktig å vere merksam på om barnet følgjer sin tidlegare utviklingskurve (persentil) for høgde og vekt og viser normal pubertetsutvikling.

Det er viktig at sjukehuset etablerer eit kontinuerleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommunen og primærhelsetenesta, som skolen, helsesjukepleiar, fastlege, barne- og familietenesta, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og andre kommunale instansar.

Det finst fleire ulike behandlingsformer for spiseforstyrringar. Kunnskapsbasert behandling for anoreksi hos barn og ungdom inkluderer familieterapi og individuell kognitiv atferdsterapi. For bulimi og overspisingslidingar tilrår vi ernæringsrettleiing, medisinering, støttegrupper, kognitiv atferdsterapi og interpersonleg psykoterapi.

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og / eller behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Lege, psykolog og barnevernet kan tilvise barn og ungdom til psykisk helsevern for barn og unge (BUP).

Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiar for psykisk helsevern for barn og unge avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisingar skal bli vurderte innan 10 verkedagar.

Alle tilvisingar skal som hovudregel bli vurdert i poliklinikk, men om innlegging blir vurdert som nødvendig bør pasienten bli lagt inn som øyeblikkeleg hjelp. Alle tilvisingar om øyeblikkeleg hjelp bør skje gjennom fastlege eller via legevakt.


Informasjon frå Helsedirektoratet:

Pakkeforløp ved spiseforstyrringar hos barn og unge 

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

  • Ventetid: 8 uker

    Kontakt BUP Fana

    Oppmøtestad

    Vi held til i Østre Nesttunveg 20.

     

    Østre Nesttunvei 20

    Transport

    ​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
    Rutetabellar finn du på Skyss.no.

    Ventetid

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

  • Kontakt BUP Nordhordland

    Oppmøtestad

    4. etasje i Region Nordhordaland Helsehus (RNH) på Knarvik. 

     

    Kvassnesvegen 44, Knarvik

    Kvassnesvegen 44, 5914 Isdalstø

    Transport

    ​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


  • Kontakt BUP Sentrum

    Oppmøtestad

    Vi held til i 3. etasje i Østre Murallmenning 7.

     

    Østre Murallmenningen 7

    Østre Murallmenningen 7

    5012 Bergen

    Praktisk informasjon

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt BUP Voss

    Oppmøtestad

    Knutepunktet Voss, Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Voss

     

  • Ventetid: 8 uker

    Kontakt BUP Ytrebygda

    Oppmøtestad

    BUP Ytrebygda er samlokalisert med BUP Fana i Østre Nesttunvei 20.

     

    Østre Nesttunvei 20

    Transport

    ​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
    Rutetabellar finn du på Skyss.no.

    Ventetid

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

    8 uker til poliklinisk utredning/behandling

  • Kontakt BUP Øyane

    Oppmøtestad

    BUP Øyane held til i Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) i Blombakkane på Straume.

     

    Inngangsparti Øyane DPS. Foto

    Blombakkane 75

    Blombakkane 75

    5353 Straume

    Transport

    ​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

    Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

    ​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

    Praktisk informasjon

    På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt BUP Åsane

    Oppmøtestad

    BUP Åsane har adresse Heiane 4 B, 3. etasje. Inngang på østsida av bygget.

     

    Heiane 4 B, Åsane

    Heiane 4 B

    5131 Nyborg

  • Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

    Oppmøtestad

    Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

    Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.