Vaginal ultralyd
Ved vaginal ultralyd undersøker vi livmorhals, livmor, eggstokkar og eventuelle foster. Vi fører eit lydhovud med ultralydgele og kondom utanpå inn i skjeden.
Før
Du treng ikkje gjere nokon førebuingar før denne undersøkinga.
Under
Du sit i ein vanleg gynekologisk stol. Vi smører eit lydhovud med gele og trekkjer på eit kondom før vi fører det inn i skjeden. Legen undersøkjer livmor, livmorhals, livmorslimhinna, eggstokkane og eventuelle foster.
Etter
Etter undersøkinga blir du informert om resultatet, og vi diskuterer vidare utgreiing eller behandling.