Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samarbeid

Translasjonell kreftforsking krev samarbeid mellom klinikarar og forskarar med ulik bakgrunn og kompetanse og mellom ulike fagmiljø.

​Forskarane ved Mohn Kreftforskingslaboratorium samarbeider tett med fleire avdelingar og seksjonar knytt både til Haukeland Universitetssjukehus (Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Kirurgisk klinikk, Kvinneklinikken og Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin ) og Universitetet i Bergen (Klinisk institutt 1 , Klinisk institutt 2 og Institutt for biomedisin ved Det medisinsk-odontologiske fakultet).


Fluoresence mikroskopi av indirekte immunofluorescence som her viser kreftceller som har fått introdusert mutasjonar i genet p53.Cellekjernene kan observerast som blå og p53-mutasjonene som raude. På denne måten kan ein observere lokaliseringa av mutasjonane inne i cellene.​​

Det daglege forskingsarbeidet ved Mohn Kreftforskingslaboratorium vert utført gjennom samarbeid mellom klinikarar, ingeniørar, stipendiatar, postdoktorar og professorar. Dette utgjer eit godt grunnlag for å utnytte breidda av fagkompetansen som finnast i Bergen på dette området. 


 

I tillegg er det etablert gode samarbeid med fleire nasjonale og internasjonale forskingsgrupper: 


 

Norwegian Cancer Genomics Consortium

Molecular Genetics Group

Cancer Genome Project ved Wellcome Trust Sanger Institute

Sist oppdatert 12.09.2016