Ikon

RHINESSA

RHINESSA er eit internasjonalt forskingsprosjekt som tek for seg lungehelse gjennom heile livsløpet og på tvers av generasjonar. RHINESSA står for Respiratory Health In Nort​hern Europe, Spain and Australia.

RHINESSA undersøkjer borna og foreldra til deltakarar i to store internasjonale studiar (RHINE og ECRHS). Desse to studiane har fulgt studiedeltakarane i over 20 år og undersøkt korleis lungehelse, allergiar og assosierte sjukdommar har utvikla seg og endra seg over tid. RHINESSA gjennomførast i 7 land: Noreg, Sverige, Danmark, Island, Estonia, Spania og Australia.

RHINESSA omfattar ti studiesentre frå sju land: Aarhus i Danmark; Albacete og Huelva i Spania; Bergen i Norge; Gøteborg, Umeå og Uppsala i Sverige; Melbourne i Australia; Reykjavik på Island; og Tartu i Estland.

RHINESSA har som mål å bidra til bedra helse i befolkninga, ved å forske på forhold som kan påverke helse og sjukdom gjennom livet og i de neste generasjoner, og mekanismar som er involvert.

  • RHINESSA undersøker korleis livsstil, miljø og åtferd i tidlegare generasjoner påverkar helse og sjukdomar hos barn i dag
  • RHINESSA vil også prøve å forstå korleis en miljøfaktor i dag vil kunne påverke fleire generasjoner framover 
  • RHINESSA arbeider for å identifisere tidsvinduer når ein er spesielt følsam eller sårbar for påverkningar – fosterlivet er en slik følsam periode, kanskje tidlig pubertet er en annen viktig periode. Det vil være spesielt effektivt både for oss sjølve, våre barn og framtidige generasjoner, å retta helsefremmende tiltak mot akkurat slike periodar i livet.
Diagram

RHINESSA har særlig fokus på astma og allergiske sjukdomar, kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) og søvn, og ulikheiter mellom kvinner og menn i desse.
RHINESSA studiane og metodane kan også nyttas til multi-generasjons forsking på andre helseforhold slik som kvinnehelse og overvekt, og andre kroniske sjukdomar. 

Eksemplar på områder som vi forskar på i RHINESSA
  • ​Faktorar som kan påverke luftveis- og allergiske sjukdomar, gjennom livsløpet og over generasjoner
  • Luftforureining, tilgang til grøntområde og sollys
  • Yrkesforhold
  • Reingjøringsprodukt, desinfiserande midlar og personlige produkt
  • Oppvekstmiljø i landlige og urbane miljø
  • Reproduktive/hormonelle/metabolske faktorar hos menn og kvinner
  • Mikrobiom i kroppen og miljøet
  • Parasitter og tuberkulose
  • Tannhelse og perodontitt
  • Epigenetiske mekanismar for overføring av miljøpåverkningar over generasjoner
  • Korleis graviditet, hormoner og menopause påverkar kvinners lungehelse
  • Korleis astma, allergiar, lungefunksjon og KOLS arves over generasjoner
  • Korleis forsking med historisk data kan bidra til å avsløre risikofaktorar for allergiar, spesielt med tanke på framveksten av velferdssamfunn det siste århundre.
I samarbeid med ekspertar på internasjonal helse, er RHINESSA opptatt av at forskinga skal bidra til betre helse globalt.  I RHINESSA nyttes ein tverrfaglig tilnærming, med både statistiske analyser av data frå studiedeltakare og basalforsking.  

I 1991 og påfølgande år inviterte ECRHS-studien et tilfeldig utval av folk født mellom 1945 og 1973 frå veldefinerte populasjonar omkring i Europa og utanfor til en spørjeundersøking. I over 30 sentre ble undergrupper av deltakarane invitert til en klinisk undersøking. De kliniske studiedeltakarane ble invitert til kliniske oppfølgingsstudiar kvart tiande år i ECRHS-studien. Deltakarar ved syv sentre i Nord-Europa som svarte på spørjeskjema ble invitert til spørjeundersøkingar kvart tiande år i RHINE-studien. Disse individa er markert som G2 i figuren under, med blå sirkel rundt. 

Forsking har nyleg opne opp for mange spørsmål angåande avkoms helse. Barna til G2, markert som G3 i figuren, også med blå sirkel rundt, ble invitert til ein eiga studie, RHINESSA-studien, i 2012 og påfølgande år. Totalt 10 133 avkom frå ti samarbeidssentre i Europa og Australia deltok i en spørjeundersøking, og 1607 av deltakarane deltok også i en klinisk studie. Kartet på botn av nettsida viser våre samarbeidssentre.​
Diagram


I Bergen studiesenter har også den utvida familien til G2 og G3 blitt studert. Vi har innhenta informasjon frå begge foreldre til G3 ved å invitere den andre forelder, altså forelderen som ikkje deltok i ECRHS eller RHINE studien. Videre har vi studert alle fire besteforeldre til G3 – dette er generasjon G1 i figuren, samt avkommet til G3, som er generasjon G4 i figuren. RHINESSA Bergen har dermed data frå spørjeskjema og kliniske undersøkingar for fire generasjonar, frå generasjon G1 til G4.

Vi planleggar nå en oppfølging av RHINESSA G3. En klinisk oppfølgingsstudie av omtrent 230 personar ble gjennomført i Bergen senteret under COVID-19-pandemien i 2020. Alle ti RHINESSA studiesentera planleggar nå en oppfølging med spørjeskjema for over 10 000 vaksne avkom.

Ved å stille liknande spørsmål og gjennomføre liknande kliniske testar (tilpassa aldersgruppe) i kvar av de involverte generasjonane, kan vi lære kordan helsa og livet til tidlegare generasjonar bidrar til å forklare observert helse i deira barn og barnebarn.

Sjøkart


Vi undersøkte grupper av RHINESSA deltakarar for å karakterisere eksponeringar og helseutfall, spesielt lungehelseutfall, relatert til pandemien. I Bergen ble vaksne deltakarar frå Lungehelseundersøkelsens Generasjonsstudie, RHINESSA, invitert til en forenkla klinisk oppfølging under pandemien i November 2020. Fordi denne gruppa ble undersøkt før pandemien, gav det ein unik moglegheit til å kartlegge endringar forbundet med pandemien i bl.a. lungesymptom, hudsymptom, bruk av desinfeksjonsmidlar, fysisk aktivitet, livsstil og liknande. 230 personar deltok i denne undersøkinga tilpassa til pandemisituasjonen. Ein kohort med COVID-19-pasienter ble også studert med en liknande protokoll ved 3 og 12 månader etter infeksjon. Denne studien ble gjennomført i samarbeid med Influensasenteret.​

Besøksa​​dres​​se 

RHINESSA-studien
FHU v/Overlege Danielsens hus (ODH)
Årstadveien 21, 2 etg
5009 Bergen

Telefon: 481 95 520
E-post: rhinessa@helse-bergen.no

Kart (pdf)

Parkeri​ng (pdf)

Les mer om Forskningsenhet for helseundersøkelser (FHU)

  • Cecilie Svanes, professor, overlege, spes.i lungemedisin, vitenskapelig leder RHINESSA 

  • Randi Jacobsen Bertelsen, forsker, PI, RHINESSA 

  • Marianne Lønnebotn, 1.amanuensis, vise PI, RHINESSA

  • Francisco Gomez Real, professor, overlege, spes. i kvinnesykdom og fødselshjelp, leder ved FHU, PI Kvinnestudien

  • Ane Johannessen, professor, leder datamanagement

  • Vilde Marie Svanes Sørbye, Daglig leder​​

  • Anders Flataker Viken, Datamanagement

  • Hilda Emilia Azevedo Andersen, Overingeniør

  • Synnøve Hauge, Spesialsykepleier

  • Trine Leikanger, Avdelingsingeniør

 


Du kan lese meir om publikasjonar og forskingsprosjektet på vår engelske nettside. 

For deltakarar i Rhinessa oppfølging

Dette er sida for deg som er deltakar i Rhinessa. Her finn du praktisk informasjon knytta til undersøkinga.
Gå til deltakarsida
Kid takin asthma medication

For deltakarar til Arbeidslivseksposomet i Lungehelseundersøkelsen i Bergen

Prosjektet er ein understudie av Lungehelseundersøkelsen i Bergen og ein del av den europeiske multisenterstudien EPHOR.
Gå til deltakarsida
Logo for EPHOR

For deltakarar til Lungehelseundersøkelsen i Bergen

Dette er siden for deg som er deltakar i Lungehelseundersøkelsen i Bergen. Her finn du praktisk informasjon knytta til undersøkinga.
Gå til deltakarsida
logo_ecrhs

Aktuelt

    RHINESSA study centres

    Information about RHINESSA study centres outside Norway
    All RHINESSA centres
    map
    Sist oppdatert 14.11.2024