Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høg bruk av reingjeringsmiddel gir auka risiko for astma hos framtidige barn

Bruk av reingjerings- og desinfeksjonsmiddel kan få helsemessige konsekvensar for utsette kvinner sine framtidige barn. Det viser ein ny studie frå Universitetet i Bergen.

Publisert 11.11.2021
Fargerike rengjøringssprayer
Foto/illustrasjon: Colourbox

Veldig mange barn har astma i dag, så det å finne ein årsak som det går an å gjere noko med, betyr at vi kan førebygge meir enn vi har vore klar over, seier ein av forskarane bak studien, lege og professor Cecilie Svanes. Studien viser at den auka risikoen eksisterte sjølv om mødrene si eksponering for kjemikaliar starta før dei blir gravide.Forskarane fann derimot inga auka risiko dersom eksponeringa starta etter barnet var fødd. Les vidare på nyhetsartikkelen på nrk sin internettside​.