Utlysing - Avanserte kliniske kreftstudiar

I samarbeid med Trond Mohns forskningsstiftelse (TMF) lanserer Haukeland universitetssjukehus (HUS) no et forskingsprogram for avanserte kliniske kreftstudiar.

Publisert 21.05.2024
Sist oppdatert 09.08.2024

Forskningsstiftelsens visjon er å utgjere ein vesentleg forskjell for utviklinga av norske forskingsmiljø som siktar mot det høgaste internasjonale nivået. Gjennom det nye forsknngsprogrammet ynskjer TMF og sjukehuset i fellesskap å stimulere til klinisk kreftforsking av høg kvalitet i Bergen.

Auke i kreft

Akvarell som viser kne med beinkreft.

Illustrasjon: Hege K. Christensen

Akvarell av kne med beinkreft. Hege K. Christensen

 

Antall krefttilfeller i befolkinga har auka dei siste tiåra, og kreft representerer no den hyppigaste dødsårsaka i Noreg. På grunn av ny forsking og betre behandling, overlever tre av fire pasientar som får ei kreftdiagnose. Ein del som overlever kreft strevar med sein effekt etter sjølve behandlinga, og dei som ikkje kan bli kurerert må ofte gjennom mange og tunge behandlingsrundar. Vi må finne betre tilnærmingar som både aukar overlevinga og livskvaliteten under, og etter gjennomgått kreftbehandling.


Mål om kvalitetsløft og internasjonal akkreditering

For å betre kvaliteten på kreftbehandlinga ved Haukeland universitetssjukehus, søkjer sjukehuset no om å bli akkreditert som Comprehensive Cancer Centre (CCC) og bli innlemma blant dei leiande kreftsentra i Europa gjennom Organisation of European Cancer Institutes (OECI). Ei slik akkreditering inneberer fleirfagleg integrering av helsehjelp, forsking og utdanning på høgt nivå. Klinisk forsking utgjer ein grunnpilar i CCC, med høge krav til omfang og kvalitet på kliniske studiar, kor minst 10 prosent av pasientane med kreft skal få tilbud om utprøvande diagnostikk, behandling eller rehabilitering. 

Dette nye forskingsprogrammet har som mål å løfte kreftforskinga i Bergensregionen, utvikle nye og effektive behandlingar som vil kome pasientane til gode, og bidra til å oppnå CCC-akkreditering, seier forskingssjef Vibeke Vold, som leier seksjon for Forsking og Innovasjon (FoI) i Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU). TMF har satt av inntil 18 Millionar NOK til satsinga på avanserte kliniske kreftforskingsstudiar. 

Satsing på Utprøvarsjukehuset

Helse Bergen har invitert TMF inn som samarbeidspart for den første tematiske satsinga innanfor ramma av Utprøvarsjukehuset. Utprøvarsjukehuset er eit av sjukehusets fem innsatsområder, i henhold til vedtatt delplan for forsking og innovasjon, og er ein viktig tilretteleggingsmekanisme for å stimulere til utprøvande behandling. Formålet er å stimulere til utprøvande behandling og innovasjonar gjennom å gjere det enklare å gjennomføre kliniske studiar på ein trygg og effektiv måte, både for pasientar, behandlarar og forskarar. 

Fagleiar for forskingsstøtte, Anne Mathilde Kvamme, anbefaler at alle som skal søkje midlar kontaktar kliniske_studier@helse-bergen.no for hjelp og bistand i søknadsprosessen, inkludert bistand til budsjettering.

Ho fortel at samarbeidet med TMF og lansering av eit forskingsprogram på avansert kreft gir moglegheit til å få inn fleire studiar, bygge kapasitet, og sikre høg kvalitet på forskingsstudiane. 

En kvinne med briller står fremfor bygg i en park.
Foto: Anne Mathilde Kvamme

 

Helse Bergen kompletterer TMS-finansieringa ved å finansiere infrastruktur, i tilpassa lokaler som gir moderne utstyr, og eit kompetanseprogram, som gir oss spesialisert og erfarent forskingspersonell. I tillegg kjem også forskingsadministrativ støtte og eit strategisk forskingsprogram med insentiv som medisiner stipend for strategiske forskingsinnsatsområder.

Vidare forsking på avansert kreft er avgjerande for å styrke kreftforskinga og utvikle ny og effektiv behandling.

Informasjonsmøte om utlysinga

Det blir holdt informasjonsmøte i Bikuben 31 mai, felles for FOI og TMF.  Alle som skal søkje bør kome på møtet.

Søknadsfristen for innlevering av skisse og steg 1 pre-kvalifisering er 15. august.

Søknadsfrist er 10. januar 2025 for inviterte til å sende full søknad til TMF.


Les meir om søknadsprosssen her