Klagebehandling i Laboratorieklinikken

Avdelingane i Laboratorieklinikken er akkreditert og har krav til alle ledd i virksomheita. Laboratorieklinikken legger vekt på å ha et godt system for klagebehandling.

Ved misnøye med aktivitetane til laboratoriet eller ved openberre feil, ber vi om tilbakemelding på dette. 
Alle tilsette i Laboratorieklinikken skal kunne ta imot en klage, så ta kontakt der det kjennes naturlig.   

Tilbakemeldingar frå brukarar er viktig for å forbetre rutinar, så terskelen for å klage til oss bør være lav.  

Ved munnleg klage dokumenterast dette internt i eiga skjema for eksterne klager, og utfallet av behandlinga rapporterast tilbake til melder dersom ønskeleg.  

Ved skriftleg klage til laboratoriet nyttast https://www.helse-bergen.no/om-oss/kontaktinformasjon/edialog/ eller Analyseoversikten - Tilbakemelding (ihelse.net). Ved bruk av tilbakemeldingsfunksjon i Analyseoversikten ber me om at det IKKJE blir sendt sensitive opplysningar. Tilbakemeldingar vert arkivert hos laboratoriet.  

Klaga vil bli behandla innan kort tid.Tilbakemelding om utfallet av klaga med eventuelle tiltak vil finnast innan 3 veker, føresett av at melders kontaktopplysningar er oppgitt.

Se Rettar, val og moglegheiter - Helse Bergen HF (helse-bergen.no) for meir informasjon om rettar, val, moglegheiter og klager.  

Sist oppdatert 01.10.2024