Gyn-pasientar til Voss
– Om du tilviser ein pasient til Gynekologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS), kan ho òg få tilbod om time på Voss sjukehus.
Det fortel seksjonsoverlege Heidi Thornhill ved Kvinneklinikken på HUS.
– For å korte ned ventetider for pasientane våre, har vi inngått ein samarbeidsavtale med våre dyktige kollegaer ved Gynekologisk avdeling på Voss sjukehus. Dei skal ta i mot pasientar som like gjerne kan få poliklinisk time der som her i Bergen, seier Thornhill.
Ho trur det er nyttig for pasientane som får tilvising til gynekologisk konsultasjon hos spesialist, å få vite dette allereie hos fastlegen.
– Då kan en førebu seg og kanskje unngå å bli overraska dersom du får innkalling til poliklinisk avtale på Voss sjukehus og ikkje i Bergen. Om det er behov for vidare behandling som operasjon og etterkontrollar, vil det også skje på Voss dersom ikkje anna blir avtalt.
Kven er det som no skal til Voss?
– Mange av dei med tilvising til KK har kortare reiseveg til Voss, så desse vil truleg få time der. Samstundes gjeld dette eigentleg alle kvinner som skal til ein gynekologisk spesialist på sjukehus, men kor du bur og kva slags type konsultasjon du skal ha, vil spele inn i seleksjonen. Pasientar med dei mest komplekse problemstillingane blir ikkje sendt til Voss! I tillegg tar vi omsyn til korleis det er reint praktisk for dei tilviste å reise til Voss framfor Bergen. Pasientar som bur i Bergen og får time på Voss, får dekt reisa av Pasientreiser.
KK og Voss sjukehus reknar med at om lag 500 pasientar som før ville fått time på KK i Bergen, vil få time på Voss i 2019.
— Tilbodet for pasientane er akkurat det same, men på Voss i staden for i Bergen. Dette gjør vi for å kunne hjelpe fleire raskare på rett stad og best utnytte den totale kapasiteten som finnes i Helse Bergen, understreker Thornhill.