Utvikling og innføring av kirurgiske sjekklister for bruk av pasientar (PASC)

Kirurgisk sjekkliste for pasientar

Sommaren og hausten 2019 vil 350 pasientar i Helse Bergen og Helse Førde teste ut nye sjekklister som pasientane skal bruke sjølve, før og etter kirurgi. I utprøvingsfasen skal pasientane vurdere kor viktige dei forskjellige punkta i sjekklista er. Det er sannsynleg at fastlegar vil få spørsmål frå pasientar som bruker sjekklista, så her følgjer ei orientering.

Kristin Harris
Publisert 27.05.2019
Sist oppdatert 06.07.2023

​Formålet med dette prosjektet er å redusere komplikasjonar og reinnleggingar relatert til kirurgiske inngrep. I første del av prosjektet blei det gjennomført 11 fokusgruppeintervju av helsearbeidarar (kirurgar, LIS-legar, sjukepleiarar og sekretærar) og pasientar som har vore gjennom eit kirurgisk forløp. Intervjua blei gjennomført i fem avdelingar (fire avdelingar på Haukeland og ei avdeling ved Førde Sentralsjukehus). Helsearbeidarar og pasientar blei spurde om kva som var viktig for dei å bli informert om, og kva pasientane sjølve kan gjere  for å førebygge kirurgiske komplikasjonar. Punkta på sjekklista som gjeld fastlegane er drøfta med fastlegerepresentantane (praksiskonsulentane) i Helse Bergen for å sikre relevans. 

Funna støttar opp under behovet for ei sjekkliste som informerer pasientane om kva som er viktig å vite både før og etter kirurgi. Kontakt med fastlegen viste seg å vere eit veldig viktig element i sjekklista.

I siste del av prosjektet vil vi måle effekten på komplikasjonar i ein «Stepped Wedge Cluster RCT», og undersøke pasienterfaringar. Planen er å gå i gang med denne delen av prosjektet i mars 2020. Då vil 1850 pasientar knytt til Helse Bergen bruke sjekklista og det er forventa at ein del av pasientane vil ta kontakt mede fastlegane sine før sjukehusinnlegging til elektiv kirurgi. Inkludering av pasientar vil pågå ut 2020.
Målet med prosjektet er å bidra  til at pasientar blir betre førebudde før kirurgisk behandling og at dei blir betre informerte om tida etter kirurgisk behandling. Forhåpentlegvis fører det til at pasientane har mindre behov for oppfølging frå fastlege i tidleg postoperativ fase.
Prosjektet inngår som del av doktorgradsarbeidet for Kristin Harris, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, og Eli Skeie, Forskings- og utviklingsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Prosjektet er leia av Arvid Steinar Haugen, post-doktor og fagsjef i Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus.
Har du spørsmål om prosjektet kan du ta kontakt med Kristin Harris, e-post: kristin.harris@helse-bergen.no