Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til fastlegar og andre tilvisarar

Orientering frå Plastikkirurgisk avdeling

Vi på Plastikkirurgisk avdeling ønsker å bidra til godt samarbeid mellom primær og spesialisthelsetenesta. I den anledning ønsker vi å informere litt om tilvising av pasientar med maligniteter, trykksår og om rekvirering av radiologisk undersøking av handpasientar.

Publisert 20.01.2023
Sist oppdatert 09.03.2023

​Hudkreft 

Innan hudkreft er det melanom som inngår i pakkeforløp og pasientane takast inn til vurdering/ operasjon innan 1-3 veker avhengig av frist og kapasitet. I tilvisinga har vi behov for tydeleg merking av at det gjeld melanom, lokalisasjon, kopi av histologisvar (dersom det ikkje er svara ut av Helse Vest), komorbiditet og eventuelt medisinering med spesielt fokus på antikoagulasjon. Etter operasjon for eit primærmelanom får alle pasientar time til hudlege. Deretter vil nokre pasientar bli anbefalt for vidare oppfølging av fastlege etter retningslinene frå Helsedirektoratet i «Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne melanom», på Norsk melanomgruppe si nettside.
  
For at pasienten skal få riktig behandling, ønsker vi at det er tatt eksisjonsbiopsi av mistenkt malignitet før tilvising. Ved ønske om vurdering av hudlesjon for om det kan være malignitet, ønsker vi at det enten blir tatt eksisjonsbiopsi eller stansebiopsi ved mistanke om BCC/SCC eller tilvising til hudspesialist. Vi er best til å operere og ønsker gode og riktige indikasjonar​​ før vi setter kniven i pasienten. 

Når det gjerast eksisjonar på ekstremiteter anbefaler vi sterkt at lengedeaksen av eksisjonen følgjer lengdeaksen til ekstremiteten. Det blir mye betre for pasientane og minimerer behovet for (unødvendige) hudtransplantat/ lappeplastikker. Anbefaler at man eventuelt søker på internettet for BEST (biodynamic excisional skin tension lines) skin excision lines og ikkje bruker «Langer`s linjer» på ekstremitetar. 

Ventetid 

Vi har 3 månaders ventetid på operasjon for basalcellecarcinom. Dersom det er stor tumor/ daglege plager/ immunsuppresjon/ rasktvoksande eller andre årsaker til at pasienten må prioriterast raskare, må det gå fram av tilvisinga. Det gjeld også når det skjer endringar i ventetida, det kan då sendast dialogmelding til oss for å gjere oss merksam på dette. For pasientar som ønskjer raskare operasjon, eller operasjon av meire kosmetiske årsakar kan det tilvisast til avtalespesialist/ private aktørar. 

«Fritt er Fritt» 

Ved basalcellecarcinom og plateepitelcarcinom som er fjerna med klinisk fri margin og de får til svar at det er fjerna med frie render, er det normalt ikkje behov for utvida eksisjon. Det er ofte høg risiko for nye tilfelle av hudkreft og pasienten bør informerast om å ta kontakt ved sår som ikkje vil gro for vurdering/ prøvetaking.  
 

Trykksår  

Om trykksår har vi tilbod til pasientar som skal rekonstruerast. Dei må da ha vist at dei kan totalavlaste trykksåret i minst 2 veker for å kunne bli vurdert for operasjon. Totalavlastning betyr avlastning 100% av tida 24 timar i døgnet. Tilhelinga tar lang tid (veker til månader) og avlasting er den viktigaste behandlinga i tillegg til førebygging. 
  

Om handkirurgi: Desse pasientane skal tilvisast til plastikkirurgisk avdeling. 

  

Radiologiske undersøkingar 

På mange av våre handpasientar er det tatt MR i staden for vanleg røntgen, noko som er uheldig (noko som dei private radiologilaboratoria burde kunne fange opp og i det minste ta begge delar). Operasjonsindikasjon blir oftast stilt på kliniske plager og vanleg røntgen. Ikkje på MR. I sjeldne tilfelle der det er behov for MR undersøking for handproblematikk, kan vi rekvirere dette.  
Ved tilvising til plastikkirurgisk avdeling oppfordrar vi til at det i tilvisinga blir notert namnet på røntgeninstituttet der bilda er tatt. På den måten kan våre sekretærar innhente aktuelle bilde. Dersom tilvisar allereie veit at pasienten skal tilvisast til plastikkirurgisk avdeling i forkant av røntgenundersøkinga, oppfordrar vi til at det i rekvisisjonen blir bede om overføring av bilda til Haukeland universitetssjukehus. 
Vi vil også informere om at det er mogleg å tilvise direkte til radiologisk avdeling for ultralydsoppfølging av melanompasientar. Lokalisasjon av primær melanom må bli angitt og det gjerast ultralydsundersøking av arr, regionale lymfeknutestasjonar samt mellomliggande område. 

Til slutt ber vi om at tilvisingar sendast som «henvisning» og ikkje som «dialogmelding». 

Vennleg helsing frå overlege Henrik Løvendahl Svendsen ved Plastikkirurgisk avdeling