PKO-nytt november 2017

Publisert 17.11.2017

​I dette nummeret av PKO-nytt gir vi informasjon om symptom og behandling av skabb. Det krev litt innsats i heimen å bli kvitt skabb i huset, og ein er heilt avhengig av at familie og nære vener blir behandla same dag.

Den nye kalkulatoren «FetoCalc» er  for berekning av svangerskapslengde og fostervekst. Kalkulatoren er utvikla av lokale krefter ved Kvinneklinikken i samarbeid med Seksjon for e-helse.

Eit nytt Fagråd ved Haukeland universitetssjukehus skal arbeide for eit betre tenestetilbod til pasientar med alvorleg kronisk sjukdom og pasientar i palliativ fase. Som eit ledd i dette blir det sendt ut eit spørjeskjema til alle fastlegar i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.

Les meir i PKO-nytt