PKO-nytt nr. 5 - mai 2017
Det er tre tema i denne utgåva av PKO-nytt: Tidsrammene for fosterdiagnostikk. To nye anbefalingar ved mistanke om hjerneslag, og informasjon om emeistring.
Dersom det er aktuelt med fosterdiagnostikk må den gravide tilvisast til Kvinneklinikken tidleg. Det ideelle er at kvinna kjem til KK allereie i veke 8-10.
«Senter for Nevrovaskulære Sykdommer» har utarbeidd informasjon om korleis ein skal gå fram når pasienten vaknar med symptom på hjerneslag, og når det blir påvist stumme infarkt på MR.
eMeistring er modulbasert kognitiv åtferdsterapi, som er ei effektiv behandlings metode ved depresjon og angstlidingar. For nokre kan det vere lettare å dele tankar og kjensler gjennom å skrive enn å møte behandlar ansikt til ansikt. Alle over 18 år som ønskjer behandling må bli tilvist av fastlege, spesialisthelsetenesta eller annan lege eller psykolog. emmeistring tar imot pasientar frå heile Helse Vest.
Les meir i PKO-nytt