Tilvisningsråd og kurs

VeRaVest – Verdibasert Radiologi i Helse Vest

Det har dei siste 10 år vore ei stor auke i forbruk av radiologiske undersøkingar, spesielt kompliserte undersøkingar som Computertomografi (CT) og Magnetisk resonans-avbilding (MR). Dette har bidrege til ei betra behandling for mange pasientar.  Både fagmiljøa og sentrale myndigheiter har likevel i aukande grad tatt til orde for at auken også medfører feilbruk og overforbruk, og uroa for feilbruk og overforbruk har auka hos sentrale helsemyndigheiter.

Publisert 15.12.2022
Grafisk element RAD

Elektroniske tilvisingsråd. 
Allmennlegar som nytter DIPS Interactor for tilvising til radiologiske undersøkingar i Helse Vest har tilgang til tilvisingsråd innan muskel- og skjelettundersøkingar og nokre andre fagområde. Hurtigrettleiing i bruk av DIPS Interactor (PDF)

Kurs.
I kurset Verdibasert Radiologi, utvikla av stiftelsen Senter for kvalitet i legetjenester (SKIL), får ein tilgang til anbefalingar for tilvising til muskel-/skjelettradiologi. Kurset er refusjonsgodkjent og godkjent som 8 timars valfritt kurs til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin. Frist for påmelding er 15. desember.
 

Tilbakemelding på eigen tilvisingspraksis. 

Som ein del av SKIL-kurset Verdibasert radiologi kan allmennlegane logge seg inn på ei nettside kor dei får ein oversikt over kor mykje dei tilvisar til radiologiske tenester samanlikna med gjennomsnittet av andre allmennlegars tilvisingspraksis. Nettsida visar tal for dei muskel- og skjelettundersøkingane som det er presentert tilvisingsråd for i SKIL-kurset, og i tillegg tal for dei ti undersøkingane det tilvisast mest til i dei radiologiske avdelingane og røntgeninstitutta i Helse Vest. Det er Helse Vest IKT som har utarbeida nettsida. 
Prosjektet er eit samarbeid mellom dei radiologiske avdelingane i Helse Vest, private røntgeninstitutt, allmennlegar og Helse Vest IKT. Meir om prosjektet: VeRaVest ​