Verktøy for samval
Smertestillande, trening, eller operasjon – kva er eigentleg den beste måten å behandle på? Samvalsverktøy kan hjelpe pasientar å velje rett behandling til rett tid.
Ved ulike sjukdommar kan det vere fleire behandlingsalternativ utan eit eintydig svar på kva som er den beste behandlinga. I slike situasjonar kan samval vere gunstig.
Samvalsverktøyet skal gjere det enklare for behandlar og pasient i fellesskap å kome fram til ei behandling som er i tråd med pasientens verdiar og preferansar.
Søk på «samvalg» på helsenorge.no
På helsenorge.no er det oppretta eit område for «samvalg». Verktøyet inneheld tekst og korte filmar med pasientar og helsepersonell, tilrettelagt for pasientar. Informasjonen er kvalitetssikra og tar for seg aktuelle behandlingsalternativ, og kva fordelar og ulemper dei har. Her finn du samvalsvertøy for sjukdommar som: Prostatakreft, Grave`s sjukdom, kronisk nyresjukdom og brystkreft.
Nyaste tilskot er eit samvalsverktøy for artrose, ein revmatisk leddsjukdom som rammar store delar av befolkninga, og er ei vanleg årsak til funksjonsnedsetting og tap av arbeidsevne.