Vanlege spørsmål og svar

Her får du svar på vanlege spørsmål i forbindelse med praksis i Helse Bergen

Eg klarer ikkje logge meg inn på PC på sjukehuset

    • Sjekk om du har motteke brukarnamn og passord (sjå punkt 3 over)
    • Brukarnamnet ditt kan ein kollega eller medstudent finne på Samlepunktet
    • Ring Helse Vest IKT på 55976540. Hugs å seie at du er student. Dei kan sende deg nytt passord på SMS
    • Dersom dette ikkje fungerer: Har du gjennomført punkt 1-3 over?

Eg har problem med Læringsportalen

Eg har ikkje rett/manglar tilgang til kliniske fagsystem (for eksempel DIPS/Meona/Orbit/ICCA)

    • Du bruker same brukarnamn og passord som du brukte når du logga deg inn på pc
    • Du må velje studentrolle når du logger inn
    • Ring Helse Vest IKT på 55976540 mens du er pålogga ein sjukehus-PC. Hugs å seie at du er student. Dei kan undersøkje om det er bestilt riktige tilgangar til riktig avdeling
    • Dersom du har feil/manglende tilgang, kan praksisveileder/praksislærer kontakte student@helse-bergen.no

Eg har andre IKT-problemer

    • Ring Helse Vest IKT på 55976540 mens du er pålogga ein sjukehus-PC. Hugs å seie at du er student

Kva gjer eg med adgangskort og garderobe?

    • Som hovudregel får du lånekort og garderopeplass tildelt på avdelinga du skal være, første dag i praksis
    • Nokre særskilde studentgrupper får personlege ID-kort (du får beskjed frå din utdanningsinstitusjon dersom dette gjeld deg). Dette kan du hente hos Driftteknisk kundesenter (55977100) etter du har motteke brukarnamn og passord (sjå punkt 3 over). Hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Eg har ikkje motteke brukarnamn eller passord, kvifor det?

    • Dersom du har vore i praksis i Helse Vest før, eller er ansatt i Helse Vest, bruker du same brukarnamn og passord som før. Passord må fornyast kvar 90. dag
    • Brukarnamnet ditt vert sendt til deg på eposten du brukte når du registrerte deg på Webcruiter (hugs å sjekke søppelpost)
      • Dersom du ikkje har motteke brukarnamn, kan det vere at du har registrert deg med feil epost. Då må du kontakte student@helse-bergen.no for å høyre om dei har motteke eit brukarnamn for deg
    • Passordet ditt vert sendt til deg på SMS til telefonnummeret du brukte når du registrerte deg på Webcruiter
      • Dersom du har brukarnamn kan du ringe Helse Vest IKT (55976540) sånn at dei kan sende nytt passord til deg
      • Dersom ikkje dette løyser problemet, kan du kontakte student@helse-bergen.no som kan bestille nytt passord til deg. Det er mogleg at du har registrert feil telefonnummer, og at dette må rettast i MinGat når du har logga deg på pc

Eg har tatt kurs før, må eg ta nye kurs då?

    • Dersom det er meir enn to år sidan du tok eit kurs, må dette tas på nytt
Sist oppdatert 04.03.2024