Nettverk

Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helseregion Vest.

Pallnet. Register for re​ssursnettverk.Navn og kontaktinfo til alle​ ressurssjukepleiarar og ressursfysio/-ergoterapeutar i nettverka i Helseregion Vest kan søkast opp i registeret.

​I Helse Vest har vi bygd opp nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling. Målet med nettverka er kompetanseheving og samhandling slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå av helsetenesta. 

Mange av ressurssjukepleiarane har vidareutdanning i kreftsjukepleie eller lindrande behandling. Ressurspersonane får systematisk kompetanseheving gjennom samlingar i nettverket.

Dei praktiske oppgåvene til ressurspersonane er knytt til:

  • Klinisk arbeid på arbeidsplassen 
  • Samhandling og systemarbeid 
  • Klinisk forbetringsarbeid og kompetanseoppbygging

Nettverk Helse Bergen

Nettverk Helse Stavanger

Nettverk Helse Førde

Nettverk Helse Fonna

Sosionomnettverk, regionalt

Sist oppdatert 23.01.2024