Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Viser en intensivsentral hvor en kvinne sitter å smiler bak skranken, mens en mann står og snakker i telefonen.

Norsk intensivregister (NIR)

Norsk intensivregister (NIR) brukast som nemning på den delen av Norsk intensiv- og pandemiregister (NIPaR) som handlar om intensivpasientar. NIPaR er eitt av dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra i Noreg, og er omfatta av forskrift for medisinske kvalitetsregistre.

Les meir om ​den delen av Norsk intensiv- og pandemiregister som omfattar pandemi, på nettsida Norsk pandemiregister.




Logo, firmanavn



NIR er bygd på opplysningar om pasientar som er behandla ved norske intensiveiningar. Føremålet med å samle desse opplysningane er å utarbeide faglege kvalitetsindikatorar for verksemda i norske intensiveiningar, å gje rapport om verksemda ved norske intensiveiningar og skape grunnlag for forskning med behandling av pasientar ved intensiveiningar som emne. ​​​

Intensivmedisin er overvaking og behandling av pasientar med trugande eller etablert akutt svikt i èin eller fleire vitale organfunksjonar (lungefunksjon, blodsirkulasjon, sentralnervesystemfunksjon osv.).

  • Variasjon (heterogenitet) i pasientgrunnlaget. Det er mange ulike sjukdommar og skadar som kan føre til at ein pasient treng intensivbehandling. Intensivmedisinen tek difor hand om pasientar i alle aldersgrupper og med eit vidt spekter av medisinske tilstandar og diagnosar. 
  • Spesialisering og høg ressursbruk. Moderne intensivmedisin føregår i eigne avdelingar/-avsnitt i sjukehusa, med spesialutdanna personale og avansert utstyr.
  • Lite standardisering. Det har fram til dei seinare åra i avgrensa grad funnest allmennt utbreidde standardar og etablerte retningsliner for intensivmedisinsk behandling.
  • Høg dødelegheit. Sidan intensivmedisinen tek hand om kritisk sjuke og skadde pasientar, er dødelegheita naturlegvis høgare enn på mange andre felt i medisinen. Likevel overlever kring 4 av 5 norske intensivpasientar sjukehusopphaldet.
  • Ulik organisering. Intensivmedisinen i Noreg er (som i andre land) ulikt organisert, både med tanke på drift, terapival og kvar avdelingane høyrer til i systemet. På mellomstore og mindre sjukehus er det vanleg at intensivaktivitet og overvaking etter operasjon føregår på det same arealet. I NIR-samanheng blir difor intensiv/overvakingsarealet brukt som ei fellesnemning. ​Det finst generelle intensiveiningar (med «heile» spekteret av pasientar), medisinske og kirurgiske intensiveiningar, og også meir spesialiserte einingar, som til dømes barneintensiv, hjartemedisinsk intensiv og nevrointensiv.

På lenken til Nasjonale medisinske kvalitetsregister kan du lese meir om føremålet med registra, om jus, personvern, lovverk og datatryggleik. Her finst også oversikt over alle registra med resultat: Nasjonale medisinske kvalitetsregister

    ​Her finn du årsrapport fra Norsk intensiv- og pandemiregister, inkludert en kortversjon av årsrapporten: Årsrapportar​

    Norsk intensivregister (NIR): 

    norskintensivregister@helse-bergen.no

    Norsk pandemiregister (NoPaR): 

    norskpandemiregister@helse-bergen.no

    Telefon:
    Intensivregisteret: 55 97 70 56 ​
    Pandemiregisteret: 55 97 67 94 

    Alle mediahenvendelser skal gå gjennom Kommunikasjonsavdelinga

    Informasjon til pasienter og pårørende

    Her finn du informasjon om registeret og dine rettar etter oppføring i registeret.
    Informasjon til pasienter og pårørende
    syv sykepleiere som står oppstilt framfor skranken på intensiv og smiler

    Registrering i Norsk intensivregister - informasjon til registratorer

    Her finn du informasjon som er relevant for deg som registrer i NIR. Du vil finne informasjon om hvordan du søker tilgang, våre ulike maler, hjelpeark og oppdatert informasjon om registrering
    Registrering i NIR
    helsepersonell som står å lytter med stetoskop på pasient som ligger i seng

    Informasjon om datatilgang

    Her finn du informasjon og fremgangsmåte meint for forskarar og studentar som ynskjer datatilgang til Norsk intensiv- og pandemiregister.
    Informasjon om datatilgang
    Foto: To personer med PC
    Sist oppdatert 10.09.2024